TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Som tidlegare meldt i Bergens Tidende har Jensen sett fram krav om 3,5 millionar kroner i erstatning etter at ei kvinne retta falske skuldingar om valdtekt mot han. I følgje NRK Sogn og Fjordane meiner regjeringsadvokaten at ei erstatning på 250.000 kroner som Jens Cilleborg Jensen fekk for fem år sidan, må vere nok.

Jensen vart arrestert heime hos seg sjølv 20. september 1994 av Vågsøy lensmannskontor. Han vart sikta for å ha valdteke ei 18 år gammal jente minst åtte ganger, og for ha slått henne helselaus rundt femten ganger.

Politiet trudde ikkje på Jensen då han sa han var uskuldig, og at han kunne dokumentere det. Han var sett i varetekt. Der fikk han raskt et psykisk sjokk som sette ham ut av spel. Seinare har han gått inn og ut av institusjonar. Mannen som tidlegare aldri var sjuk, er no 100 prosent ufør.

Valdtektssaka mot Jens Cilleborg Jensen vart lagt vekk i august 1995. Året etter fekk han 250.000 kroner i erstatning av staten. Det er den erstatninga regjeringsadvokaten meiner må vere dekkane. Jensens advokat, Ove Aurstad, seier dårleg politiarbeid øydela livet til klienten som no er uføretrygda, og er svært skuffa over regjeringsadvokaten.

Kvinna vedgjekk i 1999 at klagemåla ho hadde komme med var falske, og i fjor haust vart ho dømd til ni måneder fengsel for sex-løgnene ho kom med i 1994.