ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.noDen einaste som sa seg straffskuldig i den grad at gjeldande norsk rekord vert knust, er ein 28 årig norsk statsborgar fødd i Chile.Han vedgjekk å ha vore med på 7-10 av dei 20 smuglarferdene over Ålvik. Det betyr minimum 156.000, maksimum 240.400 liter 96 prosent sprit. 20 båtlaster Påtalemakta meiner å kunne føra prov for at denne mannen og to andre har smugla heile 468.400 liter sprit med 20 båtlaster til Bjølvefossen ASA sin kai ved Hardangerfjorden.Hovudperson første dag av rettssaka var likevel ein 57 år gamal sunnhordlending som vart hekta av etter 11 båtlastar og 253.200 liter. Dei andre i ligaen meiner han var upåliteleg. Far og son Dermed starta han smugling på eiga hand, saman med sonen (32). Dei landa 16.000 liter i Ålesund, men vart tekne med spriten på lastebil i Sykkylven.Der fann politiet ein ladd pistol i faren sin bil.Far og son er også tiltala for å ha smugla inn 15.000 liter sprit med bil over Svinesund.Sonen nektar straffskuld båe stader, medan faren vedgår tilhøva i Sykkylven.— Der vart eg jo tatt, sa han lakonisk i retten.Han vedgår at det var skot i magasinet på pistolen i bilen. Ein pistol som politiet fann i heimen, er ein ufarleg startpistol, og hagla kjøpte han som 18-åring, då slike våpenkjøp var lovlege, forklarde han. Sunnhordlending nekta Sunnhordlendingen nekta straffskuld for kvar einaste drope sprit som kom til Ålvik. Han vedgjekk ope at det var han som gjennom firmaet sitt i Tyskland starta oppkjøp av sprit i Berlin og sende han med tog til Rotterdam.- Dette er fullt lovleg, understreka han.Kva som skjedde med spriten etter han var komen til Rotterdam, var sunnhordlendingen uvedkomande, insisterte han. Likevel forstod han etter kvart at det var spritsmugling som pågjekk. Ein tilsett i firmaet hans tok seg av det praktiske.Sendingane var "lovleg" adressert til eit firma i Stryn, og skulle etter fraktpapira lossast i Måløy. I staden vart dei sett i land i Ålvik, og køyrt med vogntog til Østfold, der politiet har funne både sprit, emballasje og omtappingsutstyr. Skrytte i Vi Menn Rettssaka mot dei impliserte på distribusjonssida opnar i Indre Follo herredsrett 7. mai.Sunnhordlendingen har skytt av smuglinga i Vi Menn, og lansert planar for Ølen kommunestyre om investeringar i Vikebygd - eit anlegg for skroting av Nordsjøplattformer og anna opphogging.I retten fortalde han at ein 55-årig drosjesjåfør frå Akershus var initiativtakar til smuglinga, og ein 33-årig tilsett i det aktuelle reiarlaget var hovudmann. Begge nekta straffskuld i går. Ein 30-åring som lenge vart omtala som Mr. X i politidokumenta, nekta også for smugling, men vedgjekk å ha teke med ulovleg mykje pengar ut av landet. Teknisk sprit? Advokat Harald Stabell, som forsvarar den utpeika hovudmannen, seier til Bergens Tidende at klienten hans ikkje var klar over at skipa frakta ulovleg gods. På fraktbrevet stod etanol alkohol, noko han mistydde for teknisk sprit. Sunnhordlendingen held fram med forklaringa si i dag. Deretter står sonen for tur. Oslo byrett har sett av tid fram til 8. juni til saka.