Av Einar Førde

Det andre er meint å vere bidrag til å få orden på dei globale miljøutfordringane. Her er det avmakta som talar.

Det burde sjølvsagt vore noko sympatisk over at statsminister Bondevik på denne måten syner at han er engasjert i menneskeættas største utfordringar. Diverre er eg redd han signaliserer noko heilt anna: Når han ikkje får sving på dei sakene han har makt til å gjere noko med, vil han gi inntrykk av stor handlekraft på område der han ikkje kan få gjort stort. Nå hadde det vore forfriskande om det stod fram politikarar som ope og ærleg engasjerte seg i eit ordskifte om grensene for den politiske makta og som frå tid til anna sa: Dette er det ikkje mykje eg kan gjere med.

MANGE HAR VORE OPPTATT AV årsakene til manglande politisk engasjement og dårleg valdeltaking. Ei hovudforklaring er alltid globaliseringa, framveksten av fleirnasjonale gigantar, marknadens siger over statsøkonomien og nasjonalstatens reduserte styringsevne. Men dei som forvaltar den folkevalde makta i nasjonalstaten, forsterkar desse tendensane dersom dei prøver å lyge på seg meir makt enn dei har. Då endar dei ofte i symbolpolitikk og/eller populisme. Bondeviks variant av populismen er ikkje av dei verste. Men i lengda er det ikkje mange av veljarane som lar seg lure.

Kjell Magne Bondevik har alltid hatt ein hang til symbolpolitikk. På 80-talet stridde han lenge for å få laga ei stortingsmelding om folks livsstil. Tanken hans var at dersom denne livsstilsmeldinga fekk sjå dagens lys, ville fleire sjå lyset og vende seg bort frå fråtseri, fyll, hor og annan styggedom. Denne idéen tok han med seg inn i det nye årtusen med den såkalla Verdikommisjonen. Det var eit politisk utspel som gav kortsiktig veljarvinst. Som bidrag til å endre samfunnet, er dei eitt av dei mest impotente eg har sett i mi lange levetid.

Men eg har i dette stykket alltid vore tilhengar av Karl Popper som har fortalt oss at det er kampen mot det negative, mot det urettvise og skakke og vrange som samlar oss og utløyser politisk handlekraft. Om det gode liv og lykka eksisterer det tusenvis av ulike oppfatningar. Det er også blitt mange fleire slike meiningar på dei siste tjue åra. Positive og vakre ideal er altså ofte splittande og fører oss like lukt inn i avmakta.

BONDEVIK ER SVÆRT GLAD I kommisjonar. Nå har han lansert nok ein. Han skal sette ned ein distriktskommisjon. Det er kanskje ikkje så dumt. Men då bør utgangspunktet vere at distriktspolitikken er eitt av dei verste eksempel på at politikarar av ulik farge i årevis har gitt inntrykk av å kunne gjere meir enn dei er i stand til å levere.

I kvar einaste valkamp dei siste seksti åra har dei blitt konfrontert med fråflytting og næringar i tilbakegang. Her er det kilometervis av brotne vallovnader, urealistiske programpostar og lysegrøne voner. I våre dagar er det nokså tydeleg for alle at det skjer ei frivillig urbanisering der særleg unge menneske søkjer andre livsformer og -vilkår enn dei får der dei er fødde og oppvaksne.

Å etablere arbeidsplassar i distrikta er i seg sjølv ei vanskeleg politisk utfordring der makta ikkje alltid strekkjer til. Men det blir dobbelt vanskeleg når arbeidskrafta flyttar frå dei stakkars arbeidsplassane ein trass alt har greidd å etablere eller arbeidsplassane flyttar fordi tilgangen på høveleg arbeidskraft blir for dårleg.

Eg har tru på ein effektiv distriktspolitikk dersom den har rot i realisme om kva ein kan oppnå med politiske vedtak og dersom ein ikkje er redd for å bruke offentlege budsjett på ein kraftfull måte. Men det står ikkje i nokons makt å bevare det busettingsmønsteret vi har i dag. Då er det berre dumt å gi inntrykk av at ein kan det.

FOLKESTYRET VILLE HATT GODT AV at ein del høgstemt politisk retorikk vart suspendert. Eg får særleg problem med einskilde talar om den kompromisslause kampen for å redde liv og det ukrenkelege i menneskelivet. Eg ventar på ein samferdselspolitikar som seier omtrent dette:

Biltrafikken krev nokre hundre døde og nokre tusen skadde kvart år. Det er ikkje realistisk å få desse tala noko særleg ned. Vi skal satse på tryggleiksarbeidet i trafikken og bygge betre og sikrare vegar for bilane og mjuke trafikantar.

Men alt i alt prioriterer dette samfunnet fart og mobilitet. Prisen for det er død og invalidisering. Derfor kjem det ikkje på tale å sette i verk det mest effektive tiltaket for færre døde, nemleg forbod mot køyretøy som har større fart enn 50 km i timen.

Eg ventar også den første folkevalde som har mot og intellekt til å stå mot det hysteriet som blir skapt kvar gong det skjer ei alvorleg ulykke eller noko anna sjokkerande. Då sit dei politiske lovnadane særleg laust og avmakta talar høgast. Noko av det mest sjokkerande som kan skje, er at born drep born. Det har skjedd før i alle land og alle kulturar.

Det kjem til å skje igjen. Då vil eg ha politiske leiarar som veit det og som avviser alle forsøk på hysteriske straffereaksjonar eller enkle politistatsvar. Det blir ikkje lett, men i lengda er det bra at politikarar heller vedgår avmakt enn lyg på seg allmakt.

ELLES ØNSKJER EG STATSMINISTEREN lykke til med sine internasjonale initiativ. Han seier at i desse viktige sakene kan Norge bygge bru. Det gir meg ein mistanke om at det igjen er den gode viljes meklarrolle Bondevik har tenkt å spele og ikkje den kraftfulle internasjonale debattant.

I fattigdomsspørsmålet er det sjølvsagt eit bidrag å dra det gamle tricket med å love større norske bidrag til overføringar og gjeldssanering og vone på at nokon større og viktigare land blir så imponert av det at dei også aukar sine utbetalingar. Men elles er det ikkje til å komme i frå at den viktigaste aktøren i dette spelet er vår største allierte.

Det gjeld i enda sterkare grad i miljøsaka der president Bush gjennom si avvising av Kyoto-avtala har påført verdssamfunnet og det globale miljøarbeidet eit alvorleg tilbakeslag. Skal tru om Bondevik nå i desse varme sommardagane har funne ut at det er på tide at han og regjeringa noko meir kraftfullt les teksten for USA og president Bush. I så fall er eg fullt villig til å ete i meg att noko av det ovanståande.