Sentralbanksjef Svein Gjedrem uttalte at det i førre år vart meir pengar i dei norske hushaldningane på grunn av lønsauke og mindre hjå arbeidsgjevarane som til dømes næringslivet og kommunane på grunn av det same. Dette fører igjen til at arbeidsgjevarane gjerne ser seg nøydd til å seie opp tilsette, og kommunen må til dømes skjera ned på viktige postar. Dette burde alle skjøna vert konsekvensane. Ein klagar på kutt i kommunebudsjettet, ein er bekymra for auka arbeidsløyse og ein vil ikkje ha høge renter. Men det vert år for år kjempa for høgare løner.

Kvar vert det av vidsynet, kvar vert det av solidariteten?

MARITA NERGÅRD