Dette er svært høge tal og ein tek no til å rope varsku om utviklinga, det er bra.

Når noko ikkje fungerer må det leitast etter årsaker. Slik er det òg i denne saka. Det første ekspertane fell ned på er lærarutdanninga og dårleg skolerte lærarar. Det er for mange lærarar som ikkje kan metodikken for læring av lesing og skriving. Litt av forklaringa finn vi nok her, men i skolen har vi etter kvart utvikla svært mange læringsmetodar innafor dei ulike faga.

Årsaksbildet er nok mykje meir komplekst enn lærarar som ikkje kan metodikken sin.

Vi må gå mange år tilbake i tid for å finna dei verkelege årsakene, og vi må gjera ein analysering av utviklinga i skolen dei siste førti åra for å finna dei verkelege årsakene.

I sekstiåra herska det ein rimeleg fred og ro i skolen. Enkelte elevar strevde nok litt fagleg, men dei fleste gjekk ut med eit brukbart resultat etter sju eller ni år i skolen. Det fans elevar med lese— og skrivevanskar den gongen òg, men ein del av desse kompenserte sitt handikap med å arbeide meir. På denne tida gjekk mange i skolen berre annakvar dag og ein måtte gjennomføra mykje heimearbeid for å koma gjennom pensum.

Utover i syttiåra tok ein til å innføra opne skolelandskap der elevane i større grad arbeidde i grupper og kunna vandra meir rundt for å innhenta informasjon.

Denne måten å jobba på skapte straks meir uro og støy i skolen. Samstundes vart ein del av læraren sin autoritet borte, og vi fekk fleire og fleire episodar der elevane braut skolen sine lovar og reglar.

På åttitalet forsterka denne tendensen seg med meir uro og mindre respekt for læraren og for skolen. I tillegg til dette fekk vi ein generasjon foreldre som ikkje i same grad som før tok ansvar for borna sitt arbeid heime og som heller ikkje følgde opp normer og retningslinjer for god framferd.

Vi fekk ei utvikling der ingen ting var så nøye lenger og det å ta ansvar vart upopulært. Denne utviklinga var svært negativ for det pedagogiske arbeidet i skolen.

Utover på nittitalet har utviklinga frå åttitalet halde fram og vi fekk ei forsterkning fordi det vart fleire og fleire som ikkje hang med. Dette skapte mykje uro i læringsmiljøet. Dei elevane som verkeleg trong gjera ein innsats kompenserte dette med å være bråkmakarar og å skulke undervisninga. Nittiåra var òg det tiåret der respekten for skolen og læraren vart meir eller mindre borte.

I takt med den utviklinga vi har sett, har skolen prøvd å utvikla nye pedagogiske metodar for å gjera læring interessant. Elevane har fått større fridom i høve til sin del av læringsarbeidet, og tilhøva har ein på alle måtar prøvd å leggja til rette for å oppnå eit godt læringsmiljø.

Trass i alle tiltaka ser vi diverre at tal på unge som har problem med lesing, skriving og rekning berre aukar etter kvart som tida går.

Ut frå den utviklinga vi har hatt er det fullt mogleg å trekkja ein del konklusjonar og det kan peikast på ein del klåre årsaksbilde for den situasjon vi har i dag.

Mangel på respekt, uro/høgt støynivå, mangel på innsats er tre stikkord som er sentrale når vi skal konkretisere årsaksbildet.

Når ei rekkje elevar ikkje respekterer skolen, læraren og samfunnet sine lovar og reglar, så er dette eit stort problem åleine. I tillegg er det mange elevar som ikkje vil forstå at det må vere ro i klasserommet når det pedagogiske arbeidet skal gjerast. Årsaka til dette er mangel på respekt for skolen sitt personale og for sine medelevar. Når så arbeidsinnsatsen blant ein del elevar heile tida er på sparebluss, så seier det seg sjølv at mange får altfor lite ut av den tida dei er på skolen. På toppen av det heile er det mange elevar som ikkje gjer skolearbeid heime.

På bakgrunn av det skisserte bildet må vi kunna sei at norsk skole på mange måtar er inne i ei krise. Slakking på krav om høveleg framferd, arbeidsinnsats, respekt for det skolen står for, har saman med manglande løyvingar til bygningar, utstyr og støttetiltak langt på veg skapt den skolen vi har i dag.

Dersom denne utviklinga får halda fram vil vi om kort tid mangla kompetanse på svært mange felt, og ein del av den norske befolkninga vil rett og slett ha for lite kunnskapar til å delta i arbeids- og samfunnslivet. Samfunnet er i ferd med å utvikla ein sjukdom som kan få svært negative følgjer.

Skal vi snu denne utviklinga må vi få attende dei verkemidlane som trengst for å få den ro og den intensitet som vi må ha for å læra dei oppveksande generasjonar naudsynte kunnskapar som samfunnet treng for å oppretthalda og utvikla velstand og teknologi. Utan eit høgt kunnskapsnivå i den norske befolkning, vil vi ikkje kunne tevla i den internasjonale konkurransen.

Dei politiske miljøa i Noreg må difor være smerteleg klar over kva betydning skole og utdanning har, og skolen må få dei naudsynte ressursar og verkemidlar som trengst for den jobben som skal gjerast.

Av Magne Wiik, rektor i vidaregåande skole