ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no Vegkontoret i Sogn og Fjordane har registrert ein kraftig auke i biltrafikken over Lærdal etter at den lengste vegtunnelen i verda vart opna 27. november.No fortel vegfolka i Hordaland at dette slett ikkje har ført til mindre trafikk over Hardanger. Nye tal syner auke, også der. — Trafikken har rett og slett auka i volum, kommenterer vegsjefen i Hordaland, Ole Christian Torpp, overfor Bergens Tidende.Han har ikkje oversyn over tala for Aurland-Hol, og må ta eit atterhald der. Men han har ikkje inntrykk av at jernbanen har fått tilbakeslag. Det er rett og slett nok trafikk til alle.Trafikktala for ferjesambandet Bruravik-Brimnes syner ein auke på 9.066 bilar i løpet av dei fire første månadane etter tunnelopninga, samanlikna med same tidsrom året før. I prosent er auken heile 20,5.Tilsvarande tal for riksveg 7 over Hardangervidda er 2.986 bilar, eller 10, 5 prosent. Dette betyr at om lag tredjeparten av den auka trafikken over fjorden legg i veg over fjellet. Resten, heile to tredelar, er nord-sør-trafikk (riksveg 13) og lokaltrafikk.