PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no No ropar trafikklærar Jan Tore Odd i Førde eit varskU mot mc-forhandlarane sin iver etter å låne ut fartsmaskiner til uerfarne førarar. Berre flaksen gjorde at dei to mc-førarane kom frå ulukka på Hornnes ved Førde i live. Kritisk til demo-utlån Begge dei to mennene hadde lånt dei store motorsyklane frå ein forhandlar i Førde, der importøren av det japanske merket hadde demonstrasjon av modellprogrammet sitt.Dei to hadde plukka ut to av marknadens raskaste sportsmaskiner for prøvekøyring, og meistra altså ikke dei meir enn 150 hestekreftene.No går trafikklærar Jan Erik Odden i Førde ut med kritikk mot at MC-forhandlarar lånar ut slike ekstremt kraftige motorsyklar til relativt ferske sjåførar.Overfor NRK vil ikkje Odden uttale seg om denne spesielle ulukka, men påpeikar at omlag førti prosent av MC-ulukkene skjer på lånte motorsyklar. Trafikklæraren meiner at det det er altfor lett for unge, uerfarne mc-førarar å få tilgang til slike ekstreme gatesyklar. Tre hardt skadde Tilstanden er framleis kritisk og ustabil for dei to 23-åringane som var innblanda. Den hardast skadde vart først send til Sentralsjukehuset i Førde, men seinare same dag overført med helikopter til Haukeland sjukehus. Mannen har fått omfattande brotskader og indre skader.Kameraten hans, også han 23 år, vart også alvorleg skadd med brotskader og skader i brystet. I ulukka vart den eine motorsykkelen totalt maltraktert i kollisjonen med ein personbil. Også den andre motorsykkelen velta under forbikøyringa som gjekk gale ved Hornnes like vest for Førde sentrum. Ein 61 år gammal mann som køyrde bilen dei kolliderte med, er også innlagt på sjukehuste i Førde med alvorlege skader. Tilstanden hans er stabil. Ei kvinne på 54 år og eit barn på to år, begge passasjerar i bilen, er no utskrivne frå sjukehus.

STYGT KRASJ: Tre personar, to 23-åringar og ein 61 år gamal mann vart hardt skadde i kollisjonen i Førde sist laurdag. (Foto: Per Marifjæren)