Det kan seiast mykje om Gro Harlem Brundtland, men ho hadde sans for det politisk mogelege. Ho var jordnær nok til å forstå at sjansane for eit nei til fullt EU-medlemskap var relativt store. Difor fekk ho eit stortingsfleirtal med seg på ei mellomløysing. Den sikra at blant andre Noreg fekk ein fot innanfor den indre marknaden, og sånn sett — for dei fleste praktiske føremål - er å betrakta som eit EU-medlem. Jordbruk og fisk er blant unnataka, og det svir litt iblant. Både i EU og her i landet. Men i hovudsak er avtalen - slik næringslivet ser det - til å leva med.

Det er også hovudbodskapen i stortingsmeldinga Utanriksdepartementet la fram før helga, der åtte år med EØS-avtalen blir drøfta. Karakteren avtalen får er meir enn tilfredsstillande. Dei fleste forventningane er innfridde. Storparten av norsk næringsliv har fri og full tilgang til heile EU-området, og konkurrerer på like fot. Varer, tenester og menneske tek seg fritt fram over grenser som i denne samanhengen er nokså usynlege. I så måte har Schengen-avtalen, som Noreg også har slutta seg til, vore til hjelp. I den grad grensene viser seg har det samanheng med at somme EU-land enno ikkje har blitt Schengen-medlemmer.

Lagt kampen til sides

Den lette tonen og glade konklusjonen i stortingsmeldinga er på mange vis samanfallande med det vi tidlegare har høyrt frå Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Det er ingen tvil om NHOs prinsipale standpunkt - Finn Bergensen vil ha Noreg inn i EU med hud og hår - men det er ein kamp som er lagt til sides for ei tid. EØS-avtalen fungerer såpass bra at NHO inntil vidare vil konsentrera kreftene om andre krigar.

Men stortingsmeldingas lite problematiserande konklusjonar må også sjåast på bakgrunn av regjeringa Bondeviks sjølvmordsparagraf. Sem-fråsegna inneheld ei formulering som seier at dersom EU-saka kjem opp att med full tyngde, så ryk regjeringa.

I tillegg har vi ein statsminister som sterk EØS-tilhengjar. Kjell Magne Bondevik vil gjerne dela farskapet til EØS-avtalen med Gro Harlem Brundtland. Det var Kristeleg Folkeparti som sikra fleirtal for avtalen i Stortinget. Somme meiner dessmeir at det var EØS-avtalen som sikra nei-fleirtal mot norsk EU-medlemskap i 1994.

Ikkje likeverdige partar

Men i jubelen over EØS-avtalens praktiske suksess er det grunn til å minna om avtalens politiske og meir konstitusjonelle minussider. Her har karakteristikkane variert frå «konstitusjonell katastrofe» (jusprofessor Eivind Smith) til norsk husmannskontrakt. Det er uttrykk for at avtalen ikkje er inngått mellom to likeverdige partar, men mellom ein sterk part (EU) som bestemmer og ein svak part (rest-EFTA) som gjer slik den sterke har bestemt. I stortingsmeldinga anar vi ein sår undertone fordi Noreg i så liten - og stadig mindre - grad får vera med på å utforma dei direktiva vi seinare må retta oss etter. Sant nok har Noreg ein veto-rett, men den er som kjent best når han ikkje blir brukt. Alternativet blir, som med Schengen, å seia opp heile avtalen.

Det er lite aktuelt. Det same gjeld kravet om ei reforhandling, slik somme har vore inne på. No har EU signalisert at dei korkje har tid eller krefter til å bala med EØS midt oppe i ein prosess som skal gjera storparten av Europa til EU-medlemmer. Ei slik reforhandling kan ikkje koma på tale før etter at denne prosessen er vel i hamn, og då har vi i alle fall passert 2005. Kanskje 2008 også.

Klokt med reforhandling?

Men stortingsmeldinga let oss forstå at det må gjerast ei nøye vurdering om korvidt det er klokt å ta i ferd med ein så omfattande prosess. Her blir det mellom anna vist til at alle parlamenta i heile EØS-området skal gje sitt samtykke. Vi veit at det er fleire enn Spania som er sterkt kritiske til EØS-avtalen. Korleis dei nye sentraleuropeiske medlemmene vil stilla seg er høgst uklårt. Difor er konklusjonen i meldinga slik: «Både EU og EØS-EFTA-landene må derfor nøye vurdere om fordelene ved en oppdatering vil stå i forhold til innsatsen.»

Framtida for EØS-avtalen i Noreg må sjåast i lys av den lunkne haldninga toppolitikarane viser til ein ny EU-debatt i denne stortingsperioden. I tillegg er det slik at folk flest er lite opptekne av den konstitusjonelle katastrofen professor Eivind Smith har påvist. Næringslivet synest avtalen er grei nok. Difor kan Kjell Magne Bondevik gle seg over at EØS-avtalen får eit langt liv.