Det er verken ærefullt eller prisverdig å forråde, eller applaudere eit svik.

Eit fåtal norske journalistar har vore kritiske til boka. Og dei er blitt møtt med argument som at misunninga er sterkare enn kjønnsdrifta i Norge. Men saka dreier seg om respekt for menneska som er omtalt i boka, det handlar om deira liv, om dei kan fungere som familie i framtida, om dei kan gå ut av huset sitt meir, arbeide der dei arbeider eller om dei i det heile kan bu i landet lenger.

Åsne Seierstad dekker seg bak at alt i boka er sant. Dess verre! Når då situasjonen er krisemaksimert og hovudpersonen i boka seier at delar av boka er løgn, kjem Åsne Seierstad han til «unnsetning» med følgjande: — Ja, men det er det jeg som foreslo at han skulle si; at han kan fortelle folk at det ikke handler om ham, at det er ting jeg har funnet på. (VG 28. august)

Vil Åsne Seierstad forstå at vi lever i ei verd, at Kabul ikkje er lenger enn eit tastetrykk unna og at alle menneske har like stor verdi, anten dei er undertrykte i Afghanistan eller frigjorde i Norge? Dette burde også Cappelen og forlagssjef Anders Heger ha forstått. Men dette ville ikkje forlaget forstå. Fleire forlag konkurrerte allereie før boka var skriven. Så synleg som Åsne Seierstad var under krigen, lukta forlaget pengar. Det gjorde det verdt å ofre ein familie, ein afghansk familie har tydelegvis ikkje same verdi som ein familie her hos oss.

At Åsne Seierstad ikkje forstod det afghanske samfunnet, viste ho tydeleg før ho gjekk i gang med bokprosjektet. Då ho kom heim frå Kabul etter at krigen var slutt, sa ho i fleire intervju at ho var sint på kvinnene. Sint på dei verkelege heltane, dei som gjennom meir enn 20 år med krig og terror hadde gjort ein heroisk innsats for å halde samfunnet gåande medan mennene var i krigen. Ho påberopa seg fortrinnet ho hadde som kvinneleg journalist ved at ho fekk innpass hos kvinnene, men gav dei dolkestøyt fordi dei ikkje kasta burkaen då Taliban fall. På kva grunnlag trur ho at ho veit betre enn dei afghanske kvinnene sjølve kva som er best for dei?

Boka til Åsne Seierstad skulle aldri vore utgitt slik den kom ut i Norge. Det er ikkje om innhaldet er sant eller usant som er hovudpoenget. Ho har forrådt ein familie og ho har ufatteleg nok ikkje gitt familien anonymitet. Berre tittelen på boka er nok til å avsløre Shah Mohammad. Det er ein bokhandlar i Kabul som sel bøker til utlendingar. Ein rettar ikkje søkjelys på spørsmål om menneskerettar eller kvinners rettar ved å skade einskildmenneske. Åsne Seierstad sa ho skulle skrive ei bok om afghansk kultur, men har avslørt intimitetar, løyndomar, private forhold og det som verre er, som ho fekk del i fordi ho vart behandla som ein av familien.

Dagbladet skriv på leiarplass 30. august: «Åsne Seierstad svikter dette oppdraget (det journalistiske red. anm.) hvis hun velger å opptre som mikrofonstativ for bokhandleren i Kabul.» Dagbladet er her heilt på villspor. Mikrofonstativ? Kva plikt har bokhandlaren til å stille opp og uttale seg? Bokhandlaren i Kabul representerer ikkje styresmaktene i Afghanistan. Ei heller er han medlem av al Qaida. Han er ein privatperson. Ein vidsynt bokhandlar, noko vi kan godta, ein polygam patriark, noko vi ikkje kan godta. Kva rett har vi likevel til å setje ein privatperson i gapestokken fordi han er offer for undertrykkingsmekanismane i sitt eige samfunn? Kva grunnlag har bokhandlaren hatt dei siste 25 åra til å lausrive seg frå sin patriarkalske kulturarv? Eg trudde at Dagbladets leiarskribentar hadde eit minimum av forståing for at det er samanheng mellom undertrykking i familien og undertrykking i samfunnet rundt og at det er skilnad på privatpersonar og representantar for styresmakter eller terroristorganisasjonar.

Når vi då endeleg får vite kva hovudpersonen meiner, stiller kjendisforfattarane med Ari Behn i spissen opp for Åsne Seierstad: - Jeg støtter Åsne fullt ut. (...) Bokhandleren visste jo hvilke premisser som lå til grunn for boken, så han har vel egentlig ikke så mye han skulle ha sagt, trur Behn. Andre på Aschehougs årlege hagefest:

— Tenk om hun skulle ha fortalt den historien bokhandleren ville - den ville ha blitt gørrkjedelig.

— Riktignok utleverer hun en familie, men hun gjør det med respekt. (VG 29. august.)

Gjestfridomen i Afghanistan baserer seg på vissa om at gjesten ikkje vil vertskapet noko vondt. Mohammad Shah og hans familie tok feil. Og etter at verten har reagert på boka, seier forfattaren: -Han har nok mer drømt om at dette skulle bli en biografi om en helt. (VG 28. august.)

Med dumskap og rå kynisme har forfattar og forlag køyrt ned ein forsvarslaus familie.

Og dumskapen har dessverre hatt sin smitteeffekt.

Marianne Sunde

KRITISERT: Åsne Seierstad
FOTO: SCANPIX