Kva er det konkret Mjaatvedt reagerer på? Først og fremst at eg hevdar at Bourdieu gjennom sitt epistemologiske brot tok: «side for vitskapen og mot «vanlege folk» og gjennomførte den same typen ekspropriasjon som mange andre profesjonelle grupper har gjort tidlegare.» Etter å ha lese artikkelen til Mjaatvedt ser eg at uttrykket «vanlege folk» kanskje ikkje var særleg velvald i samanhengen.

Eit uttrykk som «alle andre» eller «alle ikkje-samfunnsvitarar» hadde kanskje fått fram meininga betre. For det prinsipielt viktige her er forholdet mellom samfunnsvitaren og «alle andre».

Mjaatvedt og underskrivne synest å vere samde om at alt intellektuelt arbeid må vere noko anna enn diskursen til dei ein studerer. Samfunnsvitaren si oppgåve er nettopp å utvikle analysar av den sosiale verda, og dei må vere annleis enn dei som både makthavarar og andre skulle lage. Diverre er det mykje samfunnsvitskap som i dag berre tek over statlege styresmakter sine førestellingar om samfunnet.

Det problematiske med Bourdieu på dette punktet er ikkje at han byggjer alternative framstillin-gar av samfunnet til dei som alle andre har. Det problematiske er korleis han brukar dei alterna-tive framstillingane sine som grunnlag for å underkjenne alle andre framstillingar. Dette kan han gjere fordi han er så vitskapleg. Dermed tek han på seg kappa som ideologikritikar som frå ein «sann» ståstad «ser gjennom» alle andre sine motiv og handlingar.

På denne måten kan Bour-dieu, til dømes, bruke analysa si av det litterære feltet til å kritisere den karismatiske verdsetjin-ga av forfattarar og litterære verk. Han kan også kritisere litteraturvitskapen for ikkje å ha sett dei same tinga som sosiologen har sett, osb. Det interessante med Bourdieu sin variant av ideo-logikritikk er at han ikkje vil hive ut ideologien, men viser korleis den karismatiske verdsetjinga er naudsynt for at det litterære feltet skal fungere.

Ideologien er altså naudsynt, men sosiologen veit likevel betre!

Ideologikritikken, i ulike variantar, brukar ofte vitskapen som våpen. Eksperten står på den eine sida og alle andre på den andre sida. Dette er ein positur som sosiologar har vore flinke til å kritisere hjå andre fag. Etter mitt syn er ekspert-posituren i det minste paternalistisk og på det verste autoritær.

Kva kjem det av at ein ikkje oppdagar denne posituren når den framstår mellom sosiologane sjølve? Grunnen, trur eg, heng saman med noko så enkelt som at ein ofte set pris på at dei ein likar avslører dei ein ikkje likar, men ikkje at dei ein ikkje likar gjennomfører den same operasjonen.

Dette blir gjerne kombinert med ei oppfatning om at dei «rette» avslørarane er snille, berre vil alle vel og at avsløringa deira aldri kan føre til noko gale.

Også når ein koplar dette til eit radikalt frigjeringsprosjekt, som Mjaatvedt gjer, blir dette gale. Mjaatvedt nemner at: «vanlige folk er tilbøyelige til å overta de dominerende gruppenes menin-ger og på den måten selv bidra til reproduksjonen av betingelsene for sin egen underkastelse.» Folk forgyller altså dei lekkjene som bind dei, og sosiologen si oppgåve oppi dette blir då å avsløre desse mekanismane. Dermed kan vitskapen vere: «En redskap i frigjøringen av enhver fra dominans og undertrykkelse.»

Det ein kan spørje seg om er kven det er som forvaltar denne vit-skapen? Det er sjølvsagt sosiologen. Denne varianten av sosiologen som frelsar blir berre å erstatte Ekspert A med Ekspert B, og då er ein er like langt. Vi samfunnsvitarar må kunne sjå lenger enn det ideologikritikken og ekspert-posituren let oss gjere. Vi må kunne lage alternative analysar av samfunnet og kunne peike på alternative utvik-lingsbaner utan å ta på oss potensielt autoritære karaktermasker.

Av Roar Høstaker,

dr.polit, førsteamanuensis

ved Høgskulen i Lillehammer