• Eg trur ikkje Arve eigentleg frykta min klient, sa forsvarar Tor Erling Staff i si prosedyre, og signaliserte at han vil be om full frifinning for sin klient.

PER MARIFJÆREN

Med klar adresse til dei pårørande i salen bad høgsterettsadvokatennærast om orsak for at han tillot seg å meine at Arve ikkje var redd.

Implanterte frykten — Men eg meiner det var kameratmiljøet rundt Arve som implanterte frykten i Arve, sa Staff, og viste mellom anna til episodar der Arve frivillig hadde oppsøkt hytta der hovudtiltalte budde, og episodar der kameratar ville gøyme Arve unna for hovudtiltalte nærast mot Arves vilje.

— Kvifor kom Arve stadig på besøk, dersom han var så redd for NN, spurte Staff. - Dersom kameratgjengen opplevde NNs utsegner og handlingar mot Arve så sterkt, kvifor kutta dei ikkje NN ut i solidaritet, danna ei moralsk blokk? Det gjorde dei ikkje, men alle kameratane gjer det no etterpå, slo Staff fast.

Ber om frifinning Staff sa at han kjem til å be om frifinning på alle tiltalepunkt som dreier seg om vald. En endelege påstanden vil Staff først setje fram når han avsluttar sin prosedyre, truleg seint torsdag.

Trass i frifinningspåstand understreka forsvararen at NN i ein ung periode av sitt liv var temmeleg vill og uberekneleg. Men han var like ille mot alle, det var ikkje hudfargen som avgjorde.

— I den grad han har kom med sterke utsegner om Arve, så har det ikkje spesielt med Arve å gjere. Det har med NNs alminnelege væremåte å gjere, sa Staff. - Han kunne nok vere valdeleg, og slik var han på den tida. Og dersom han ikkje tok Arve, ville jo det også vore ei form for diskriminering, da.

Det har ingenting med hudfarge å gjere. NN blir eit offer sjølv, han blir syndebukken, sa Staff.

Ut frå vanlege bevismessige vurderingar, så held ikkje dei bevisa aktor har ført mot NN. Han har hatt ein utagerande periode, og det er det, sa forsvarar Tor Erling Staff.