Enten ein er professor eller har berre 7-årig folkeskole, stiller ein likt: det vert så likevel berre gjetningar. Eg synest det der med den gigantiske eksplosjonen høyrest mest usannsynlig ut.

Etter denne "salva" skal altså jorda som ein priviligert klode ha fått tildelt luft og vatn så planter og dyr kunne leva.

Det er altså denne "smartingen" tilfeldigheten som slumpehøvet som er opphavet til dyr og menneskekroppar, som professorar enno i dag studerer utan den undrande respekt?

At slumpetreffet skal vera opphavet til gras, blomar, dyr og menneske er vanskeleg å skjøna. Dei som trur eller vil tru det, må ha liten respekt for hjerne og vit hjå folk fest.

For å sitera Brorson: "Gikk alle konger frem på rad i all sin makt og velde, de maktet ei det minste blad å sette på en nelde", (nelde nesle).

Finn eg ein trepinne med ein spiker i, så veit eg at der står ein hjerne bak, ein skapar.

Eg kan tvila på mangt, men at det er ein skapar, det treng eg ikkje tvila på.

HARALD HARALDSEIDE