OVE A. OLDERKJÆRStord ove.olderkjaer@bergens-tidende.noMannen skulle over gangfeltet der riksvegen har avkøyrsle mot ferjekaien då han blei påkøyrt av ein personbil. Ulukka skjedde i 18-tida tysdag. Mannen blei slengt ut i vegen der han så blei påkøyrt av bil nummer to. Han blei transportert til Haukeland sykehus med luftambulanse.

Ifølgje lensmann Reidar Færestrand i Stord står det enno att avhøyr i saka. Førarkortet til den 39-årige sjåføren som køyrte på mannen først er framleis inndrege. Den andre sjåføren har fått tilbake førarkortet etter at han og passasjerane i bilen hans er avhøyrte. Ifølgje lensmann Færestrand er det ingen ting som tyder på promillekøyring.