Media er fulle av debatt og kommentarprogram. Spørsmål vert stilte ved integreringspolitikken, og representantar for innvandrarorganisasjonar vert utfordra på haldningar.

Norske styresmakter har, som dei svenske, gjeve ny identitet og hemmeleg adresse til einskildkvinner truga av æresdrap og mishandling.

Norske styresmakter har diverre også skrive ei anna historie om æresdrap. Fleire media har siste veka sett fokus på historia til ei ung kvinne frå Bangladesh som er på flukt frå faren og sine fem brør, etterlyst i internasjonale media av di ho har ført vanære over familien ved å gifta seg med mannen ho elskar. Skal faren/familien si ære rettast opp att, må ho og mannen bøta med sine liv. Brørne hennar har prøvd å drepa dei to, og ekteparet lever i dagleg frykt. Å byta identitet er heilt naudsynt om dei skal kunna leva nokolunde trygt i vårt land. Men norske styresmakter har gjeve paret avslag på søknad om opphald! Ekteparet lever no i skjul på andre året, i frykt ikkje berre for faren hennar og brørne, men for norske styresmakter! For denne kvinna har ikkje æresdrap og utstøyting stoppa ved Noregs grenser. Tvert om har norske styresmakter så langt forsterka frykt, liding, uvisse og redsle — som i dag går på helsa laus for ekteparet og deira vesle son.

I Bergen stod for snart halvtanna år sidan seks asylsøkjande kvinner frå ulike land fram og gav andlet til kvinner på flukt frå kjønnsbasert forfølging. Diverre var dei personlege prov på at norsk asylpolitikk ikkje gir kvinner på flukt frå æresdrap, mishandling og tvangsekteskap tryggleik i Noreg. Alle hadde dei fått minst eitt avslag på sine søknader om vern i Noreg. Desse kvinnenes historier viste også at vårt land ikkje praktiserer likestilling i asylpolitikken, kvinner tykkjest vera annanrangs asylsøkjarar.

I Bergen og Hordaland har bystyre, fylkesting, organisasjonar, fagrørsle og einskildpersonar engasjert seg for desse kvinnene på flukt. Telavåg i Sund kommune tok til seg den eine kvinna og hennar to døtrer. Eit samrøystes kommunestyre kravde asyl for den vesle familien. Bergen kommune gav for eit knapt år sidan sin likestillingspris til dei seks kvinnene. Fire av kvinnene har i dag fått asyl eller opphald. Kvinna frå Bangladesh står framleis att. Den sjette kvinna av dei seks lever no i skjul på tredje året i Noreg. Ho vart valdteken av regjeringssoldatar heime i Sri Lanka, vart forstøytt av sin tilkomande ektemann i Noreg og norske asylstyresmakter trudde slett ikkje hennar historie. Med store fysiske og psykiske plager lever no denne kvinna i visse om at ho i sitt heimland vil vera utstøytt og utan noko vern for sitt liv eller sin kropp.

Kvinnenettverket «14 kvinner i Bergen» oppstod for halvtanna år sidan. Tillitsvalde kvinner i fagrørsle og kvinneorganisasjonar samla oss for å kjempa for rettferd og opphald for desse seks kvinnene - og for ein norsk asylpolitikk som tryggjer kvinner på flukt. Noreg må etterleva internasjonale konvensjonar, eigne lover og føresegner!

Det har vore mykje uro rundt norsk asylpolitikk siste året, og kjønnsbasert forfølging har vore ei av dei sakene det har vore mange diskusjonar rundt. No skal utlendingelova ha ein grundig gjennomgang, m.a. med kjønnsperspektivet for auga. Det vil ta tid.

Imedan held den uhaldbare asylpolitikken fram overfor kvinner på flukt frå æresdrap og mishandling. «14 kvinner i Bergen» sit no inne med informasjon om til saman 13 kvinner i vårt område som har søkt asyl på grunn av kjønnsbasert forfølging. Samla er dei eit mektig prov på at Noreg har langt fram før forfylgde kvinner kan vera visse på å få ei rett førehaving av sine søknader og ei trygg hamn i Noreg.

Vårt land har i beste fall ein lemfeldig asylpraksis når det gjeld kvinner som flyktar frå æresdrap. For oss er det ein tankekross at medan vi alle fordømer faren som skaut i Sverige, nektar våre asylstyresmakter kvinner i livsfare opphald i Noreg. Dobbeltmoral er einaste dekkjande omgrepet vi finn.

«14 kvinner i Bergen» har fått til svar frå fleire ministrar at dei inkje kan gjera noko i asylsaker som gjeld einskildpersonar. Dette kan vi ikkje slå oss til ro med. Som medmenneske og borgarar krev vi at våre øvste politiske styresmakter må tryggja livet til desse kvinnene.

Heilt nyleg vitja statsministeren byen vår, på konferanse med 500 partifellar. Ikkje langt frå KrF-konferansen lever kvinner i skjul, i heimane til solidariske medmenneske, men i frykt for sine liv, i redsle for forfølging, for utsending og utstøyting. «14 kvinner i Bergen» appellerer til statsministeren om å syta for at Noreg talar med ei tunge i kampen mot æresdrap, tvangsekteskap og vald mot kvinner. Fyrste bod er at dei kvinnene som har søkt ly i vårt land på flukt frå kjønnsbasert forfølging, dei må få opphald og vern innan Noregs grenser!

Av Turid Klyve og Oddny Miljeteig, For «14 kvinner i Bergen»