Nundal er frå Årdal i Sogn, og har mellom anna jobba som journalist i NRK Sogn og Fjordane. Han kom til Haugesunds Avis sitt Bømlo-kontor i 1985, arbeidde seinare i sportsredaksjonen, han blei reportasjeleiar, nyhenderedaktør, konstituert ansvarleg redaktør og kulturredaktør.

I 1997 blei Nundal tilsett som prosjektredaktør i Orkla Media, og stod bak etableringa av Avisenes Pressebyrå.

Haugesunds Avis er eigd av Orkla. Ifølgje Haugesunds Avis er Tonny Nundal den fjerde andvarlege redaktøren på rad i avisa som har ei kone med Kari som førenamn.