Det er ikkje mange år sidan arbeidsløysa var ei stor utfordring for landet. Tradisjonelle industribedrifter har skore ned på arbeidsstokken, somme fordi økonomien kravde det, andre fordi maskinene er forbetra og meir effektive slik at det ikkje trengst så mykje folk. Senterpartiet er oppteke av at busetnaden i Norge ikkje bør sentraliserast meir enn i dag. Det er eit gode både for dei som ynskjer å bu i by og for dei som trivst best i mindre tettbygde strok. Ei utarming av bygdene vil svekka mangfaldet både når det gjeld mulegheiter for å velja jobb og i tilbod innafor kultur og utdanning i distrikta.På same tid vil det føra til press i bynære strok, med for få barnehageplassar, sprengde skular og større forureining gjennom auka bilbruk.Nye arbeidsplassar er nødvendig for å greia å halda oppe busetnaden. I ei tid når det er lett å få seg arbeid er folk mindre oppfinnsame når det gjeld å skapa sin eigen arbeidsplass. Dette har vi òg sett i Hordaland. Søknadar om etablerarstipend går ned når det er lett å få seg arbeid og aukar når det elles er smått om arbeidsplassar. Det er likevel viktig å oppmuntra til nytenking i gode tider slik at grovarbeidet er gjort når det igjen vert behov for arbeidsplassar.Stortinget behandla i vårhalvåret ei stortingsmelding som tok for seg korleis ein skal kunna få ny giv, ny vekst og nytt næringsliv. Her er det meininga at fylkeskommunen skal få ei sterkare rolle som næringsutviklingsaktør. Det offentlege kan vanskeleg skapa nye arbeidsplassar, men mange oppfinnarar og nyetablerarar har understreka at det at fylkeskommunen engasjerer seg og viser at dei har tru på nye idear kan i seg sjølv vera nok til at dei får mot til å utvikla ideen sin vidare. At det også kan vanka nokre offenteleg kroner kan vera heilt avgjerande for at enkelte i det heile tør å satsa vidare.Ved forrige omorganisering mista fylkeskommunen vedtaksrett i SND-saker. Dei regionale SND-styra er i dag berre rådgjevande. I neste omgang skal heller ikkje fylkeskommunen få oppnemna dei regionale styra, så her har vi igjen eit sterkt sentralisernade grep ifrå regjeringa si side.Det er likevel spanande å sjå korleis fylkeskommunen i endå sterkare grad kan vera med å påverka slik at Hordaland kan få mange bedrifter som tenkjer utvikling og nyskaping, og like viktig korleis fylkeskommunen kan vera med å betra infrastrukturen, m.a. ved vegutbetring og breibandutbygging. Betre samarbeid mellom private og offentlege aktørar saman med forskingsmiljø vil gje gode nettverk som igjen kan skapa nye idear og nyttige initiativ. Dei økonomiske verkemidla som fylket har er mest brukt til det vi kallar «såkornmidlar», og dei utløyser oftast meir enn dobbelt så store summar frå andre offentlege og private aktørar.Av Mali Grete N. Aksnes, Senterpartiet,leiar i komité for næring og utdanning,stortingskandidat