Saddam Hussein vart president i Irak i 1979. Berre Fidel Castro og Muammar Gaddafi har lengre regjeringstid av verdas diktatorar. Felles for dei tre er at USA har prøvd å bli kvitt dei med krig, boikott og andre metodar som ikkje tåler dagens lys.

EG SKULLE ØNSKJE AT VERDA OG IRAK vart kvitt Saddam Hussein. Det fattige folket i Irak har lenge nok vore torturert og tyrannisert av despoten. Verda ville bli ein tryggare stad dersom hans aggressive og irrasjonelle regime kunne få ein ende. Det har vore klart for dei fleste europearar lenge før USA gav opp å støtte han og utnemnde han til fiende nr. 1. Så kvifor sluttar vi så ikkje opp om president Bush når han nå vil gjere slutt på tyranniet? Ein merkeleg koalisjon av den canadiske og tyrkiske regjeringa, kongefamilien i Saudi-Arabia, det amerikanske utanriksdepartementet og militærleiinga er alle skeptiske til planar om militær invasjon i Irak. Dei kan ha grunnar som ikkje nødvendigvis bør vere våre. For meg er det eitt avgjerande argument for å gå mot: Det ville vere eit nytt åtak på alle mødesame forsøk på å oppretthalde og byggje ut ein internasjonal rettsorden. Verda kan ikkje akseptere at verdas mektigaste militærmakt på eiga hand på ny trer inn i rolla som verdspoliti. For fleirtalet av verdas folk er det eit større trugsmål enn Saddam Hussein.

GJENNOM DEI SISTE TIÅRA har amerikanarane nytta militærmakt i mellom anna Libanon, Libya, Irak, Sudan, Kosovo og Afghanistan. Mange av aksjonane har hatt eit heller tvilsamt folkerettsleg grunnlag. Dersom dei no legg i veg med omfattande militære tiltak mot eit land som ikkje representerer noko som helst trugsmål mot eige territorium og med nokså tvilsame grunngjevingar om trugsmål på lengre sikt, vil det representere eit soleklart brot med dei internasjonale rettsreglane som ikkje minst små land har så stor interesse av å oppretthalde.

I dei første planane om invasjon i Irak vart 11. september og Saddams moglege samband med Osama bin Laden presentert som grunn for at noko må gjerast. Så fekk vi høyre om anthrax og biologiske våpen. Det vart snart klart at dette var tynne forklaringar som ikkje kunne støttast av noko som likna på overtydande prov. No er det kjernefysiske trugsmålet det dominerande argumentet. Visepresident Cheney har ved fleire høve greidd ut om det utan at det ser ut til å ha overtydd mange. The Economist konstaterte i førre veka at dersom dei vil ha allierte, må amerikanarane finne betre forklaringar. I helga såg vi alle på norsk fjernsyn at Scott Ritter, den leiande FN-inspektøren i Irak i sju år, konstaterte at det ikkje ligg føre noko slikt overhengande kjernefysisk trugsmål. Dermed er det opna for vår mistanke om at det amerikanske felttoget har eitt hovudsiktemål. Som så ofte før handlar det om olje og amerikansk behov for stabilitet og kontroll i Midtausten.

PRESIDENT BUSH FORTENER eit forsvar. Ofte blir han framstilt som ein aggressiv imperialist som har lagt ein heilt ny amerikansk politikk for Midtausten. Verda synest å ha gløymt at president Clinton hausten 1998 berre var timar frå å setje i verk sine planar om militært åtak på Irak. Ved å avblåse førebuingane etter å ha piska opp ei sterk stemning for militæraksjonen, etterlet han det amerikanske folket i det som ein kommentator kalla ein frustrert tilstand av coitus interruptus. Dette var midt i riksrett-ståket i Washington. Då som no høyrer vi at nokon luftar tanken om at Irak og Saddam Hussein er ei fin skyteskive for den som vi ha merksemda vekk frå heimlege tilhøve.

Lenge før 11. september var arabarane og islam dei perfekte fiendane for USA. Provet på det finst i Hollywood. Etter at Sovjetunionen ikkje lenger kunne brukast som hovudfiende i fakta og fiksjon, har arabarane gradvis teke over rolla som kjeltringar og skurkar. Som alltid er det den amerikanske filmindustrien som best tar tidsånda på pulsen. På norsk kinoar gjekk filmen «Sanne Løgner» i 1994. Den handla om arabarar som sette i gong ein atomeksplosjon i Florida. På nittitalet var filmen «Executive Decision» om muslimske flykaprarar tilgjengeleg på videomarknaden her heime. I 1999 fekk også vi storfilmen «The Siege» som på norsk hadde tittelen «Under angrep». Det er ein thriller om arabiske terroristar i Amerika og er for så vidt litt meir nyansert ettersom arabarane ikkje berre er terroristar, doplangarar og notoriske kjeltringar. Dette er einskilde døme. Det finst titals fleire.

ETTER 11. SEPTEMBER HAR ARABARANE i USA klaga over at livet er blitt vanskelegare. Dei møter mistru, fiendskap og diskriminering. Men desse prosessane var i gang lenge før åtaket på World Trade Center. Arabarane er dei perfekte nye fiendane. Når eg ser på kva bilete som blir teikna av dei i dagens Amerika, minner det meg om sjømennene frå Høyanger som kom heim og informerte oss landkrabbar om at arabarar er upålitelege, late, skitne og skurkaktige. Dei visste for dei hadde vore ute og sett.

No er det tid for å minne om at slike teoriar og sjablonar som brennemerkjer eit heilt folkeslag og ein heil verdsreligion, er dumme og farlege. I Europa veit vi at arabarane gjennom mange hundreår har tilført vår sivilisasjon uvurderlege bidrag og kvalitetar. Alle opplyste menneske i USA veit at det same er tilfelle der. Det hjelper så lite dersom massemedia og politiske leiarar ser seg tente med å byggje opp ein ny folkefiende. Det er ikkje vakkert. Men det høyrer med i biletet når det blir rapportert at eit fleirtal av det amerikanske folket framleis støttar eit militært åtak på Irak.

TRØYSTA FÅR VERE AT FLEIRTALET også ønskjer internasjonal støtte til aksjonen. I morgon talar president Bush i FN. Då får vi vite om omsynet til internasjonal rettsorden trass alt spelar ei rolle for dei amerikanske makthavarane.

EINAR FØRDE