At Eia og Tufte framleis står på gutungestadiet er uvesentleg, men når den eller dei som har ansvaret for at slike undermåls program vert sende på tv ser ut til å stå på same nivå, bør dei verta avløyste.

Alle sjåarar som stillar minimumskrav til underhaldning ser sjølvsagt ikkje meir enn eitt slikt innslag. Difor er det endå meir irritabelt å verta mata med reklame for dette dagane framføre og ein til to gonger for timen dei siste fem timane før det går på lufta.

Men det er ikkje berre dette som — etter mi og mange andre si meining - ikkje har underhaldningsverdi, for Alex Rosén, Nils og Ronny og Synnøve Svabø høyrer til i same bås, den sistnemnde er heldigvis ikkje å sjå på NRK 1 no, elles hadde det vorte ennå fleire svarte tv-skjermar for oss som har berre ein kanal.

Det som i denne samanheng er uråd å forstå er at NRK - som skal spara - brukar pengar på slike skrotprogram som få, ja, kanskje ingen ville sakna om dei vart borte.

ODD TVEIT, UGGDAL

GUTUNGAR: Bård Tufte Johansen og Harald Eia er framleis på gutungestadiet. Men det er ikkje det verste, meiner artikkelforfattaren. (ARKIVFOTO)