Dette er sanneleg nye signal frå Arbeiderpartiet som tidlegare ikkje har sett det store behovet for at skatte— og avgiftstrykket må haldast nede.Spørsmålet som veljarane bør stille seg er om dette verkeleg betyr at Arbeiderparti-regjeringa endeleg har innsett at det norske skatte- og avgiftsnivået er blitt ei urimeleg tung byrde å bære for folk flest, eller om dette berre er eit forsøk på ein ny valbløff frå Arbeidarpartiet? Uansett er det påfallande at Arbeiderpartiet måtte vente til eit valår før dei ga eit slikt løfte og at løftet ikkje skal innfriast før etter valet. Det er også verd å merke seg at løftet berre gjeld budsjettåret 2002, og at løftet heller ikkje forpliktar på nokon måte til å setje ned skattar og avgifter.Ein lovnad om nedsetjing av skattar og avgifter burde nemleg vore ein naturleg konsekvens av at Arbeiderpartiet saman med mellompartia i fjor haust foretok ein kraftig skatte- og avgiftsskjerpelse ved mellom anna å innføre moms på dei fleste tenester utan at dei reduserte tilsvarande på andre områder. Fortida til Arbeidarpartiet viser derfor at veljarane bør vere svært kritisk til lovnadene som finansministeren her serverer.Derimot har Fremskrittspartiet vore konsekvent og til stole på når det gjeld skatte- og avgiftspolitikken. Fremskrittspartiet har alltid kjempa for å redusere skatte- og avgiftstrykket ved m.a. at inntektsskatten, spesielt for folk med vanlege inntekter, blir redusert.I Frp sitt alternative framlegg til budsjett 2001, utgjorde reduksjonen i personskatter heile 8755 millionar kroner.Dette ville f.eks. utgjort kr 5068 i skattelette for ei inntekt på kr 225.000 i skatteklasse 2, noko som ville vore eit viktig steg i riktig retning. Forslaget var utforma slik at dei med minst inntekt fekk størst prosentvis skattelette.Lavere bensin- og bilavgifter er også viktige kampsaker for Fremskrittspartiet.I Frp sitt alternative statsbudsjett for 2001 blei det foreslått ein reduksjon i bensinavgiftene på kr 3,47 pr. liter. Også bilavgiftene blei redusert kraftig i vårt budsjettalternativ. F.eks. ville ein Mitsubishi Galant 2,5 blitt kr 66.240 billegare med vårt budsjettframlegg. Sjølv om Frp også i fjor haust blei nedstemt i Stortinget, lover vi imidlertid å slåst vidare, både i valår og mellomvalår, for at skatte- og avgiftsnivået for folk flest skal ned.Veljarar som ønskjer seg lågare skattar og avgifter, bør derfor stemme Frp og ikkje Ap.Gjermund Hagesæter, 2. stortingskandidat Hordaland Frp