Dette skjer på eit tidspunkt då kommunane, i tråd med Stortinget sine tidlegare vedtak, har utvikla planar og prosjekt for nye eldrebustader, servicesentra og sjukeheimar. Innbyggjarane og dei lokale folkevalde har sett fram til å kunna realisera heilt nødvendige prosjekt for å betra tilhøva for dei eldre. Men no seier Ap at dei vil «fasa ut» denne satsinga.

Dette betyr at ei rekke av dei planlagde prosjekta ikkje vil verta realiserte. I tillegg vert det ikkje sett inn nødvendige midlar for å finansiera drifta av dei tiltaka som vart realisert i tide.

Lovnaden om eldresatsing har skapt forventningar både hos brukarane, dei pårørande og i kommunane.

Arbeiderpartiet hevdar at dei no har brukt nok statlege pengar på dei eldre. No får kommunane ta det ansvaret dei har, for å sikra gode tilbod til dei eldre.

For innbyggjarane er det truleg lite interessant om det er «statlege midlar» eller «kommunale midlar». Det handlar eigentleg om folket sine midlar og kva regjering og storting er villige til å bruka på utvikling og drift av tiltak for dei eldre.

Resultatet av det som no er varsla er at mange eldre som skulle få eit moderne og tenleg tilbod for bustad og omsorg, må ta til takke med ventelister og streng behovsprøving.

Kristeleg Folkeparti i Hordaland vil arbeida for at lovnaden til dei eldre skal haldast og at arbeidet ikkje skal stoppa før det er fullført.

VILGERD STORSET HUSA,FYLKESLEIAR KRF