Den generelle tendensen er som i USA, og Vesten for øvrig, at fleire og fleire vert heimesitjarar, dei vert største partiet, for demokratiet er ein rein illusjon, kun eit middel til maktmisbruk.

Politikarane på si side er eit gissel for makta, kapitalen. Samfunnet er berre eit speilbilete av det generelle moralske nivået, med andre ord vi lever i eit moralsk anarki, og nærmar oss stupet med stendig aukande fart, for eit samfunn kan ikkje overleva utan etikk, sjølve fundamentet for eitkvart samfunn.

Vår tids menneske har ikkje bruk for etikk. Ein trur kun på materielle, sanselege verde, berre det som kan målast i pengar og sansast med våre sansar, den evige dansen om gullkalven. Vi er egosentriske, og det resulterer i eit asosialt samfunn, alles kamp mot alle.

OLAV EIDE,BYGSTAD