Av Nils Jordanger

Ungdom, viss du vil jobbe dobbelt så mykje som ein industriarbeidar, til halv løn, då skal du bli bonde. Med meir enn 30 års erfaring som bonde ynskjer eg dykk ikkje så ille at de skal slite dykk ut, fysisk som psykisk. Få dykk utdanning og ordna arbeidstid, der de kan få tid til anna enn å tenkje arbeid og atter arbeid, tidleg som seint.

Forslaget som statsråden legg fram i jordbruksoppgjeret, må vere spinnande gale. Når Bondelaget bed om pluss 1,5 milliardar, og landbruksministeren tilbyr minus 300 millionar, altså ein differanse på 1,8 milliardar, må alle sjå at regjeringa og norsk landbruk er på kollisjonskurs. Kven kan forstå at bondeinntekta skal gå drastisk ned, slik ho har gjort sidan 1995, når det meste anna går opp? Eg har lenge tilhøyrt eit lite mindretal av optimistar. Eg har til og med stemt på Ap i alle år. Men når landbruksministeren – sjølv i eit valår – kjem med signal om at inntekta til bøndene skal ytterlegare ned, er begeret fullt.

Eg har hatt tru på kvalitet og reine produkt. I andre samanhengar får ein betalt for det, men den norske bonden skal pressast i kne. Han skal stadig ned i inntekt, og produsere billegare og billegare, medan mellomledda skor seg. Ein kan begynne å lure på om ein må betale for å mjølke ei kyr, eller stelle griser. Det vart sagt at vi skulle få betre betaling for produkta våre når overproduksjonen var borte. Det har vi ikkje sett mykje til. Derimot får vi stadig nye pålegg med krav til omstilling, utan noko form for støtte. Mange som har bygt om for få år sidan, får no nye føreskrifter å halde seg til. Det vert heile tida lagt stein til byrda.

Eg og kona driv garden, med vel to årsverk. Dei siste 20 åra har vi i snitt lagt ned vel 5000 arbeidstimar i året. Vi har ansvar heile døgnet, helga medrekna. Vi betalar for å bli avløyste ei helg. Andre har natt— og helgetillegg, gjerne også smusstillegg.

Eg synest at jordbruket skal vere slik at mann og kone skal kunne jobbe på garden, og drive han på ein profesjonell måte. Men, då må ein ha heilt andre lønsvilkår enn i dag. Sjølv i ei jordbruksbygd som Breim, er det i dag ikkje igjen 10 bruk som har denne løysinga. Fleire og fleire må ta seg arbeid utanfor garden, bruk etter bruk vert nedlagde, og verre skal det bli. Ein seljar kommenterte nyleg då han stakk innom garden: «Det er kjekt å kome innom deg. No har eg på kort tid besøkt 70–80 bønder. Av dei er det berre ei handfull som ser optimistisk på jordbruket i framtida.» Han var tydeleg nedtrykt over svartsynet i bondenæringa.

Det heiter så fint at ein skal finne nisjar. Men, til kva? Nisjar som er endå meir utrygge enn tradisjonelt jordbruk i dag? Nisje for nisjen si skuld! Er ikkje norsk landbruk nisje god nok i europeisk samanheng? Skal det ikkje lenger vere plass til gjennomsnittsbonden på Vestlandet og i Nord-Noreg?

Eg høyrde ein professor som var overraska over at Ap gjekk tilbake på meiningsmålingane. Årsaka bør vere tindrande klar: Politikken er distriktsfiendtleg. Det Ap må ta stilling til no, er om vi skal ha levande distrikt i framtida. Då må distriktsopprøret bli teke på alvor. Gjer Ap det, er eg ikkje i tvil om at galluptala vil stige. Dersom ein ikkje ser alvoret i situasjonen no, er ikkje botnmålet enno nådd. Dei aller fleste, bortsett frå sentrale politikarar, innser at dersom bonden forsvinn, går også mange andre med i raset. Pass opp, reiseliv, meieria, slakteria, forretningar, skulane, barnehagane, verkstadane, sal og service til jordbruket, byggebransjen, for å nemne nokre. Folk med litt omløp i hovudet må skjønne at dette går feil veg.

I eit av verdas rikaste land skjønnar ikkje «grasrota» at ikkje meir av oljeoverskotet kan gå til fellesskapet. Overfør meir til kommunane. Gje bøndene billegare kraftfôr (1 kr/kg) og diesel (1 kr/l). Bruk ikkje meir tid på EU-medlemskap. De har nok å ta tak i. Distrikta og landet treng eit oppegåande Ap, på sama måte som Ap treng distrikta. Det er dårleg trøyst for Ap at andre parti driv ein endå verre distriktspolitikk.

Det var ein tabbe at Ap velta ein godt styrande Bondevik. Skal land og folk få ei trygg framtid, må ein kome fram til fleirtalskonstellasjonar, kanskje med Ap og KrF, med Bondevik som statsminister. Landsfolket fortener det.

Situasjonen i norsk landbruk i dag kan samanliknast med situasjonen på 60-talet. Då gjennomførte Ap ei stor landbruksreform som gav ny optimisme i næringa. Skal ein få ny optimisme i landbruket, må ei liknande reform til, som kan få bøndene på offensiven igjen.