Men Røkkes milde gåver går til ganske andre formål enn å sikre lokalsamfunn i Nord-Norge. Dei går til enorme racerbåtar, til privatfly og hytte på eitt mål (1000 m²) med 33 dassar.

Elles brukar han milliardane på enorme havgåande fiskebåtar som konkurrerer ut norsk fiske samtidig som han utryddar fiskebestandar i fjerne farvatn.

I Nord-Norge har han så visst ikkje tenkt å gi ved dørene, verken i Melbu eller Hammerfest.

Nyleg «måtte» Hadsel kommune i Nordland ta av det kommunale flyktningfondet for å tilfredsstille Røkkes utbyggingsplanar. Norway Seafoods, som Røkke eig, la beinhardt press på Hadsel kommune. Dei truga med å stoppe utbygginga av Melbu Fiskeindustri til 60 millionar kroner, dersom ikkje kommunen slengte 4,25 millionar kroner i potten. Dette førte til at kommunen tappa to kommunale fond for dette beløpet. Ein heil million vart tatt frå det kommunale flyktningfondet, melder bladet Fiskaren.

Det fleirtalet i kommunestyret som la seg skinnflate for Røkke, består av Ap og SV. Det var altså verken H eller Frp som ofra flyktning-millionen på Røkke. Det var den såkalte «arbeiderbevegelsen» og «venstresida» – flyktninganes beste venner.

Men så er jo Røkke sjølv flyktning, må vite. Skatteflyktning.

HARTVIG SÆTRA, NKP