Det er Arbeidarpartiet sin filosofi at regjeringa har skulda for det som går gale i landet. Når Bondevik-regjeringa opplevde krisa i oljeprisen og auka rente i 1998, var dommen frå Ap klar: Ei regjering kan ikkje skulda på andre faktorar enn sin eigen politikk. Dette var sjølvsagt urettferdig, men slik var situasjonen.

No får Ap sjølv ta skulda for situasjonen i Noreg akkurat no. Regjeringa må vurderast på det den har gjort og gjer, og ikkje på "garantiar" og løfter om milliardar som ein gong skal koma folk til gode. Dette må Ap ta på seg:

Ei rekordhøg rente. Ein straumpris som rammar hardast dei som har minst. Ein kaotisk fastlegeordning med tilhøyrande nytt byråkrati. Lange sjukehuskøar og ventelister. Ein skule som forfell innanfrå som utanfrå. Ein sær kreativ avgiftspolitikk på alle felt. Under heile denne Ap-regjeringa ligg eit truverde-problem. Først skubba Stoltenberg Jagland til side. Så kom turen til regjeringa Bondevik som var felt på ei svært dårleg sak. Nå viser avis-avsløringar siste tida at regjeringa seier ein ting, men gjer noko anna. Denne mangel på truverde skal det meir enn milliardar og raude roser til å bøta på.

Dette landet treng eit skifte av regjering. Folk vil ha eit skifte og dei vil ha Bondevik ved roret. Det råd Bondevik får med seg på vegen i siste innspurten er å stengja alle dører til regjeringssamarbeid med Ap. Dette er ikkje berre politisk nødvendig, det er og nødvendig for at ei ny regjering skal ha tillit og truverde i tida som kjem. Skulle sentrumsalternativet bli vanskeleg, vil ein kunne henta mykje meir i eit samarbeid med Høgre.

Folk som vil ha meir enn roser, må velja inn dei som vil ha eit skifte. Det viktigaste ved eit skifte er å få ei regjering der det er samsvar mellom liv og læra.