Rett framfor nasen på politiet skal ein 57 år gamal mann frå Stord ha sett i gang med ny spritsmuglingsverksemd saman med sonen på 34 og ei rekke andre.

Stordabuen var sleppt ut frå varetektsfengsel etter eit mislykka smuglarforsøk over Ålesund. Han vart tatt på fersken på ein ferjekai i Sykkylven, attpåtil med ein ladd pistol i bilen.

Forklaringane han har gitt politiet starta opprullinga av den omfattande spritsmuglinga over Ålvik, noko som representerte ein fare for represaliar frå det kriminelle miljøet. Difor heldt politiet eit auge med mannen.

Likevel vart han involvert i ny spritsmugling, denne gongen via Sverige. Både stordabuen og sonen må svara for dette under den pågåande straffesaka i Oslo byrett der Ålviksmugling er hovedtema.

Fem andre aktørar, som berre hadde smuglinga via Sverige å svara for, vart i august i fjor dømde i Asker og Bærum herredsrett. Den svenske føraren av vogntoget med 16.000 liter sprit i lasta, har akseptert dommen, men dei fire andre, alle nordmenn, vil ha ny prøving i lagmannsretten. Ein av dei vart dømt for medverking sjølv om han oppheldt seg i Spania.

Fleire andre var også involvert i smuglarferda som enda i politiet sine klør på veg til Drammen. Minst to av dei er dømde i svenske rettsalar. Borgarting lagmannsrett har sett av fire dagar frå 18. juni til ankesaka.