Sundag 1. desember refsar tv-anmeldar Per Jon Odeen all oslokulturen som vert filtrert gjennom dei største mediekanalane i tigerstadsgryta. Her er ein fullstendig einig, men mellom linjene tolkar ein det sånn, at det hadde vorte meir mangfald om ein hadde flytta ein del «sø te bydn» (les Bergen). Eg trur ikkje det. Det einaste norske programmet som tar omsyn til distrikta er Norge Rundt. Det er mangt og sei om dette programmet. Det skal eg heller la liggja, men heller ta for meg ein tenkt situasjon over kva som kunne skjedd viss Bergen by hadde fått den same makta. Dag Lindebjerg og Helge Jordal er ikkje av dei smålåtne typane, og hadde heilt sikkert klart å få stemninga opp og ned i mente. Ein bjeffande Hans Wilhelm Steinfeldt og bokopplesing av Gunnar Staalesen. Song og kauking av Jan Eggum.

Viss ein i tillegg hadde spedd på med Sondre Lerche, ein av dei få artistar som byggjer sjølvtillit og skapar intellektuell avstand med å skjella ut kommersielle artistar som til dømes ex Spice Girl Gerri Halliwell hadde dette sikkert skapt kulturell sjølvkjensle blant meinigmann i Bergen by. Kor store artistane er der «sø i bydn» kan ei uttale av hr Lerche seia noko om. I eit intervju på TV 2 gav han klare meiningar om kva han tykte om artistar som er så flinke at dei sel mange plater der han opplyste at han tok det ikkje særleg tungt om Gerri Halliwell meldte avbod til Hit Awards. Hadde han treft på ho, hadde han spent bein for ho. Sikkert til lått og løgje blant «tunghuvehovuda» som styrer den såkalla Bergensbylgja innan rock. Eg har liksom aldri kasta meg over denne bylgja. Det er noko der inne i sjela mi som byr meg i mot. Skal eg reinska opp tankesystemet og koma i psykisk balanse, brukar eg følgjande terapi: Set på Slipknot for å blåsa ut daudmaterien, og Kiss for å kvikna til igjen. I BT 3. desember på debattsiden er Tord Sollie lite einig i Per John Odeen sin kritikk, og meiner at et riksmedium skal nå ut til flest mogeleg, og «ikke bare en snever bygd på Vestlandet». Liksom for å gardera seg trekkjer han inn Norge Rundt og distriktsprogramma, som me skal ha te til trøyst. Oslo og Bergen har eigentleg same problemet. Dei treng frisk luft og mindre tv. Når det kjem til stykket er det enkle som skal te. På Osterøy har me folk som sei nei til straum, køyrer rundt i traktor, og endå eit par terningar som vinglar under spegelen på den gamle Toyotaen. So får Åsne Sejerstad driva høgtlesing frå bokhandelen i Kabul, og Staalesen «krimma» i fred. Her ute har me boka Osterøy i soge og samtid, og ein kommune med nærare 40 millionar i gjeld. So lenge ein har tilgang på Canal Digital, har ein oppdaga ei «eterverd» utanfor «det mediale navlelo» som både Tord Sollie og Per Jon Odeen verkar oppteken av. Berre det gjev optimisme i Bygde-Noreg for ei framtid utan urbant kjendiseri anten det kjem frå Oslo eller Bergen. Står me i beit for moro. Lagar me det heller sjølv. Ein treng ikkje visa alt på tv ... rimelegvis.

KURT OLAV HELLE, LONEVÅG