Dei har fått seg ein dyr lærepenge. Det har tidlegare vore gjort ein mislukka freistnad på det same, difor burde det ikkje overraska nokon, der er hat nok til det. No må ein ikkje gjera galt verre, for hat avlar hat, fiendskap, men kjærleik skapar kjærleik. Det vonde kan ikkje utryddast med vondskap.

Ein må ikkje missa hovudet, men gå i seg sjølv. Finna ut kva som er galt, og kva ein kan gjera for å retta på det. I einkvar konflikt er der minst to eller fleire partar. Vi sjølve er den eine. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva som er galt i eige og andres samfunn. Vi må vera viljuge til å sjå og forstå, alt har si årsak. Vi lever ikkje åleine i verda, alle har krav og rett på ein plass i sola.

Men det vil vi ikkje innsjå. Vi vil skapa eit samfunn for oss sjølve, dei få. Men samfunnet og verda er til for alle. Elsk din neste, dine fiendar, som deg sjølv, der er ingen veg utanom, for daude skapar daude. Amerikanarane lever i verdas rikaste land, som vi sjølve og alle i den vestlege, rike verda, men vi lever ikkje nettopp i noko paradis, trass overfloda. Det er hatet som gror også i vår del av verda. Det store fleirtalet av verdas folk lever i fattigdom og elende. Eg tenkjer fyrst og sist på den tredje, farga verda, som lever under umenneskelege vilkår, og det er i fyrste rekke den som bankar på vår dør, og krev rettferd og sin rettmessige plass.

Vi i vesten, i den kvite verda kan ikkje lenger venta at vi får leva høgt på andre si naud. Det må verta plass for alle eller ingen, også i våre eigne land. Verdas ressursar er til for alle. Vi må dela rettvisst med våre brør og systre så vel i aust som i vest. Kloden er til for alle. Ingen har monopol på sanninga. Vi er alle born av vår tid. Fei for eiga dør, før vi feier for andre, vår neste si dør, for egoismen i oss er rota til all vondskap. Ifylgje den gylne regelen: «Du skal gjera mot andre, det du vil dei skal gjera mot deg.» Dette er livslova vi alle må retta oss etter.

OLAV EIDE, BYGSTAD