Då vi etter lengre tautrekking fekk ambulansestasjonar på plass på Radøy og i Masfjorden, var dette nettopp mot administrasjonen si tilråding.

At stasjonane no vert flytta, kjem såleis ikkje som noko stor overrasking. Eg meiner likevel at dette er arrogant overfor kommunane, som har sett si lit til at ambulanseplanen skulle verke heile planperioden.

Diskusjonane vi no har om responstider, beredskap osv., hadde vi med same innhald som no også før planen vart endeleg vedteken i fylkestinget. Fylkestinget meinte då at alle måtte arbeide for å sikre både kvalitet og ei «desentralisert» stasjonering. I dette biletet kan eg godt forstå at Radøy og Masfjorden kommunar no er skuffa over overordna mynde.

Problemet er ikkje som Håtuft påpeikar at vi risikerer å stå utan ambulanse i Gulen/Dalsøyra. Det eg reagerer på er at den tryggleik det er å ha ambulansen i nærleiken vert teken bort. Slik sett er det òg skuffande å sjå at kommunelegane i Radøy og Masfjorden sluttar seg til Helse Vest si vurdering.

Prosessen ber også no preg av ei overkøyring av lokale meiningar og standpunkt ved at ein vert orientert først etter at avgjerd er fatta. Dette vert ståande som eit svært tydeleg eksempel på at det å ta bort folkevalt regional styring får negative konsekvensar for innbyggjarane i distriktet.

LIV ODA DALE,

HOSTELAND,

FYLKESTINGSREPRESENTANT AP