— Hadde det skjedd litt seinare, hadde det truleg gått gale, seier ambulansepersonell Stein Ove Hopland til BT.

Rein rutine gjorde at feilen vart oppdaga i tide, fordi Hopland alltid sjekkar bremsane først når han blir kalla ut på utrykning. Flat veg gjorde at sjåføren tok sjansen på å trilla ambulansen dei få kilometrane heim til pasienten på Manger natt til tysdag. Der gjorde han pasienten klar til ny ambulanse frå Meland kom.

— For pasienten betydde dette berre nokre minutt ekstra ventetid. Men det var ei utriveleg oppleving, og slikt skal ikkje skje. Dette er slurv frå bilverkstaden si side, meiner Hopland. Han meiner at bilverkstaden Teigland i Åsane bør gå gjennom rutinane sine på nytt.

— Ambulanse-eigarar brukar store ressursar på vedlikehald nettopp for at slikt ikkje skal skje. Vi stolar på at verkstaden gjer jobben sin. Det burde vera unødvendig med NAF-test etterpå for å sjekka om alt er i orden.

Administrerande direktør ved Teigland, Egil Riisnes, beklagar sterkt det som skjedde. Han forklarar at eit hekte på slangen til bremseforsterkaren kom borti vifta på radiatoren, slik at effekten på bremsene vart redusert:

— Bremsene virka, men sjåføren måtte trø hardare. Eg forstår godt at han vart engsteleg, og beklagar det som skjedde.

— Sjåføren kallar dette slurv?

— Dette skal ikkje skje. Men vi tar det på alvor, og jobbar heile tida med kvalitetskontroll.