JOHN LINDEBOTTE Lofthus

Eit knappast mogleg fleirtal mot i fylkesutvalet vart torsdag føremidag snudd til eit samrøystes ja til å halda på ambulansen i Sund.

— Hurra. Denne kampen har vi vunne, jublar Sund sin representant i fylkestinget, Sigrunn Sangolt Natås.

Ein meir i Hardanger Men Natås var ikkje åleine om å få oppfylt ynskjet sitt då fylkestinget vedtok ambulanseplanen for Hordaland i går. Fylkestinget gjorde æra på den regionen der dei har tingseta si, og gav Hardanger ein ambulanse meir enn dei har før. Det skjedde ved at tinget med knapt fleirtal, 35 mot 32, vedtok at Folgefonnhalvøya skal få ha sin ambulanse på Utne.

Lokale aksjonar Etter fylkestingsvedtaket vert ambulansane i Hordaland dermed spreidde omkring omlag slik mønsteret har vore til no. Det opphavlege planen til rådmannen gjekk ut på å samla ambulansetenestene i ein del knutepunkt. Dette ville gje lengre køyretid fram til utkantane, men for å vega opp dette, skulle ambulansepersonellet ha høgare medisinsk kompetanse enn i dag.

Mange lokale aksjonar har synt at folk flest legg størst vekt på at ambulansen kjem fort. Dette er signal som fylkespolitikarane har oppfatta, og difor vert det ambulanse i Sund, på Utne, i Masfjorden, i Arna, i Samnanger, på Vaksdal, i Etne, på Malkenes i Tysnes kommune, på Omastrand i Kvam, i Ålvik, i Ulvik og ein ambulanse eller tilbringarbil på Varaldsøy. Bømlo får to ambulansar, ein sentralt og ein langt sør i kommunen.

Kva gjer staten? Men kor lenge vil det vara?

— Sant å seia, trur eg ikkje denne planen er verd papiret han er skriven på, seier Rune Skjælaaen frå Senterpartiet.

— Saka er den at ambulansane skal leggjast inn under sjukehusa, og dei skal, som vi veit, overtakast av staten frå 2002. Og dersom sjukehusområda finn at dei kan få meir ut av pengane med med den opphavlege planen til rådmannen, så nyttar det ikkje lenger å ropa på fylkespolitikarane. Då er det Stortinget som har ansvaret, seier Skjælaaen, som er sjukehusprest på Haraldsplass.