ARNE HOFSETH arne.hofseth@bergens-tidende.no

Industriarbeidaren frå Odda er opprørt over meldingane frå Ålvik, der folk må skriva si eiga oppseiing for å få etterløn, og der ansiennitetsprinsippet blir oversett.

– Eg må klypa meg sjølv i armen for å forsikra meg om at sansane fungerer. Er vi verkeleg i år 2001? Det opplevest som å verta sett 80 år attende i tid, seier stortingsmannen til Bergens Tidende.

– Rasjonalisering og effektivisering må vi nok leva med, men folk må behandlast med respekt, tordnar Folkvord.

Han er overtydd om at Ålvik-saka vil svekka Elkem-konsernet kraftig politisk. I samband med overgangen til nytt kraftregime hadde Elkem god nytte av tillitsmannsapparatet sine kontaktar inn til sentrale styresmakter, påpeikar Folkvord.

– Framferda i Ålvik er ein dårleg måte å takka for hjelpa på, seier han, og meir enn antydar at det heretter ikkje vil nytta med lobbyverksemd mot Arbeidarpartet si gruppe.

Gard Folkvord går ut frå at Elkem stiller opp med meir enn lommerusk når dei som misser arbeidet no skal omstilla seg.