ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

Byretten har sett av over sju veker til saka.

Som meldt i Bergens Tidende før helga har Follo politidistrikt teke ut tiltale mot fem menn og ei kvinne som er mistenkte for spritsmugling. Tre av mennene er i tiltalevedtaket også knytt til Ålvik-smuglinga.

Rettssaka i Indre Follo herredsrett er tidfest til 7. mai, og retten har sett av tid til utgangen av juni. Saka i Oslo er med andre ord ikkje ferdig før ein del av vitna må forklara seg i Indre Follo.

I Ålvik vart eit volum 96 prosent sprit, tilsvarande 1,7 millionar brennevinsflasker på polet, teke ulovleg inn i landet. Sett attmed kvarandre tett-i-tett vil 1,7 millionar polflasker danna ei rekke på 16 mil, har Haugesunds Avis rekna ut. Det tilsvarar avstanden frå Bergen til Flåm langs E16.

Blant dei tiltalte er ein 57 år gamal forretningsmann frå Leirvik på Stord, som nærmast har «skrytt» av smuglinga i eit intervju med «Vi Menn».