Då kappast partia om å finna den beste forklaringa på kvifor dei ikkje kunne halda det dei lovde under valkampen. Etter valet held utviklinga fram som før.

Det ser ikkje ut til å gjera den store skilnaden anten ein stemmer på det eine eller det andre partiet. Arbeidsplassar forsvinn, ikkje minst statlege. Skular vert lagde ned. Nærbutikken stengjer. Velferdsordningar vert bygde ned. Sentraliseringa held fram. Distrikta vert utarma. Dette ser folk. Ifølgje ei fersk meiningsmåling så meinte 80 prosent av veljarane at partia berre var ute etter stemmene deira, men brydde seg lite om kva dei var opptekne av. Stadig fleire veljarar ser ikkje lenger noka meining i å stemme og let vera. Dei ser ikkje noko alternativ. Når oppimot 40 prosent av veljarane ikkje gjer bruk av stemmeretten, så er dette eit alvorleg varsku om at det står dårleg til med folkestyret. Årsaka til dette er at politikarane har fjerna seg frå folket. Dei har gitt frå seg meir og meir av makta, mellom anna til marknaden.

Jfr. Elles maktutgreiingsutvalet si innstilling, som nyleg vart lagt fram.

Til dei som ikkje har tenkt å stemme vil eg seia. Gjer bruk av stemmeretten din. Alternativet finst: RV. Vi ønskjer å føra makta tilbake til folket. RV har ei inkluderande fellesskapssamfunn med aktivt folkestyre som mål. Vi byggjer opp vår politikk nedanfrå. Det er vanlege folks ønskjer og behov som er vår politikk. Vi lovar ikkje gull og grøne skogar.

Men vi lover å ta deg på alvor og slåst saman med deg for saker du er oppteken av.

Røyst RV — vi tek deg på alvor.

KRISTIAN KJELLSTADLI, RV SIN 1. KANDIDAT I ULLENSVANG