Av Aksel Kloster, ordførar i Kvinnherad kommune

Bergens Tidende skriv den 01.07.02 om alternative køyretider mellom Odda og Bergen. Artikkelen er svært informativ, og gjev god oversikt over aktuelle reiseruter. Det er viktig at trafikantane får kjennskap til dette, og difor er det positivt at media fokuserer på saka.

Når eg med dette bed om å få kome med utfyllande informasjon, er årsaka at artikkelen i liten grad omhandlar nye vegprosjekt langs dei aktuelle vegrutene.

Den vegruta som er klart mest nytta i dag går via ferjesambandet Utne-Kvandal. Vegen er 160,7 km + 20 minutt med ferje. I tillegg til skredsikring, skal to prosjekt realiserast på denne vegruta dei næraste åra. Agaparsellen skal startast opp neste år, medan veg med tunnel mellom Norheimsund og Øystese skal byggjast ut seinare i vegplanperioden. Dette vil redusere veglengda til 160,0 km + 20 minutt med ferje.

Ei anna vegrute går via ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Denne vegen er 196,0 km + 10 minutt med ferje. I tillegg til skredsikring langs Sørfjorden, skal det også på denne vegruta realiserast fleire prosjekt i vegplanperioden. Bogeparsellen er klar for realisering, det skal byggjast ny tunnel bak Vossevangen, vegen skal utbetrast frå Palmafoss til Mønshaug, og det skal byggjast ny veg opp Skjervet frå Øvre Granvin til Voss grense. I tillegg er planlegginga av Hardangerbrua godt i gang. Samla vil desse prosjekta gjere vegruta ferjefri, og redusere veglengda til 190,0 km.

Folgefonntunnelen har opna ei ny vegrute via ferjesambandet Løfallstrand-Gjermundshamn og Tysse i Samnanger. Denne vegen er 145,6 km + 25 minutt med ferje. På denne reiseruta er ein med forskotterte midlar i ferd med å avslutte utbygginga av Holmefjordparsellen. Prosjektet skal no utvidast med 2,0 km ekstra vegutbetring. Vidare mot Eikelandsosen skal det byggjast tunnel, eit prosjekt kommunen og næringslivet ønskjer å forskottere. Utbetring av tunnelane mellom Gjermundshamn og Mundheim skal Vegkontoret starte opp med neste år, og overskotsmassar frå anlegget skal nyttast til vegutbetring gjennom Mundheimsdalen. Frå Folgefonntunnelen til Løfallstrand skal ein i haust starte med vegutbetring og legging av nytt vegdekke. Vegkontoret og kommunen skal i tillegg starte planlegging av vidare vegutbetring. Her vil ny ferjekai på Årsnes inngå.

Den vil langt på veg kunne fullfinansierast med ei bompenge-ordning der billettprisen blir uendra etter innkortinga. Det som då står att er realisering av planlagt tunnel bak Tysse sentrum. Dette er eit prosjekt som skal stå ferdig før brua på Kyststamvegen mellom Stord og Tysnes blir opna for trafikk. Samla vil dei nemnde prosjekta føre til at reiseruta om Tysse blir redusert til 139,0 km + 17 minutt med ferje.

Planlegginga av Jondalstunnelen er no godt i gang, og fleirtalet på Stortinget har alt signalisert løyving til prosjektet. Sjølv om dette er eit fylkesvegprosjekt, så vil tunnelen opne for ei vegrute mellom Odda og Bergen på kun 131,6 km + 20 minutt med ferje. Blir det også vedteke å byggje tunnel mellom Austrepollen og Nordrepollen, vil vegruta bli redusert til 131,0 km + 20 minutt med ferje. Kombinasjonen Folgefonntunnelen/Jondalstunnelen vil dermed kunne bli ein særs vital akse for sambandet Odda-Bergen.

Det meste av trafikken mellom Kvinnherad og Bergen går i dag via ferjesambandet Hatvik-Venjaneset. Når det passar godt med ferjene, er dette den raskaste vegen. Denne reiseruta som no også kan nyttast av trafikken Odda-Bergen, er på 119,5 km + 25 og 13 med minutt ferjer. Her er næringslivet i ferd med å forskottere vegutbetring frå Hatvik mot Os sentrum. I tillegg kjem det snart ny motorveg til Bergen som del av Kyststamvegen. Saman med den nye ferjekaia på Årsnes, vil dette gje ei reiserute mellom Odda og Bergen på 114,0 km + 17 og 13 minutt med ferje.

Før den nye Kyststamvegen over Tysnes blir opna for trafikk, skal den indre ferjefrie vegen frå Tysnes til Gjermundshamn og vidare til Tysse vere utbetra til fullgod riksvegstandard. Her inngår ny veg med tunnel frå Lygrepollen til Gjermundshamn. Denne nye vegen vil knyte deler av indre Hordaland tett opp mot Kyststamvegen, og saman med Årsnes ferjekai vil den opne ei ny og truleg svært attraktiv reiserute for trafikken Odda-Bergen. Samla veglengde vil bli på 99,0 km. I tillegg kjem to ferjer på 17 og 16 minutt.

Alt det som her er nemnt vil føre til at trafikken mellom Odda og Bergen om få år vil kunne velje mellom følgjande reiseruter:

  • Via Hardangerbrua, 190,0 km.
  • Via Utne — Kvanndal, 160,0 km + 20 minutt med ferje
  • Via Årsnes/Tysse, 139,0 km + 17 minutt med ferje
  • Via Jondalstunnelen, 131,0 km + 20 minutt med ferje
  • Via Årsnes/Hatvik/Os, 114 km+17 minutt med ferje+13 minutt med ferje
  • Via Årsnes/Tysnes/Os, 99 km + 17 minutt med ferje + 16 minutt med ferje

Det skal bli spanande å sjå kva reiserute som om 15 år er blitt mest populær og dermed også mest brukt av trafikkantane.