Når sommaren er over, og alle hyperaktive politikarar har avslutta valkampturane sine, då stilnar det gjerne av med den tradisjonelle debatten om «allemannsrettane» og den frie ferdsla i alle strandkantar og langs elvar og sjøar.

Dei kallar det for debatt, men heller er det allemannshyl, for det er vanskeleg å finna nokon som vågar å seia dei sterke imot, dei som krev å ta seg til rette slik dei sjølve synest er best. Det dei ikkje greier sjølve, får dei hjelp til av rikspolitikarar, departementsbyråkratar og fylkesmenn som vil ha bort all rett lokalpolitikarar og kommunar har til å styra i eige hus.

Det er ingen strid mellom bygdefolk og hytteeigarar. Det er ein krangel mellom sommargjestar, som kjem når det vert varmt i lufta og dreg heim att når ferien er slutt og bygdefolk sit åleine att i fråflyttingsdistrikta sine.

Utmarksrett og folkeskikk

Allemannsretten har vi hatt til alle tider. Grovt sett er det retten til å ferdast i utmarka, når ein steller seg nokolunde fint og ikkje gjer altfor mykje skade. Eg fann eit gamalt avisklipp frå drygt femti år sidan, i ei bygd ikkje langt frå Oslo. Det var den tida då folk framleis skøytte på eit magert hushald ved å dra på bærtur. Bygdefolket hadde litt å klaga over.

Ikkje at byfolk sopte med seg dei bæra som folk i bygdene godt kunne trengt sjølve. Nei, sa bygdefolket, dei frå byen var velkomne, dei bad berre om at bærplukkarane ikkje trakka ned gjerda og øydela plantefelt der dei fór fram.

For bygdefolk har hatt eit anna ord for allemannsrett. Det heitte folkeskikk. Du gjekk ikkje inn på annan manns grunn, du trakka ikkje i graset før slåtten tok til, du braut ikkje ned buskar og kratt og folk likte lite når byfolk og farande fant slo seg til og gjorde opp eld nederst på bøen mot sjøen.

Innmark til sjøen

Du kunne ferdast langs strandkanten. Men i kystbygdene var det oftast slik at innmarka gjekk heilt ned mot strandkanten. Når kommunane skilde ut hustomter i allmenning ved sjø, sette dei grensene litt opp for sjøen, slik at folk kunne ferdast der utan å trakka på andre folks grunn. I 1965 kom mellombels forbod mot bygging i hundremetersbeltet mot sjø og elv. Folk kalla det strandlova, ein og annan kalla det for «strandhogglova», fordi ho var eit inngrep i eigedomsretten, utan at staten brydde seg med å betala for inngrepet.

Men forbodet skulle vera mellombels. Kommunane skulle bruka forbodet som ein pustepause, til dei hadde fått bestemt seg for kva for område som burde vera fritt for fritidseigedomar med gjerde og stengsel rundt, og kva for område som utan skade kunne brukast også til slikt – fordi hyttebygging også var ei tilleggsnæring til eit jordbruk som gav stadig mindre til levemåten for dei fastbuande.

Dessutan såg alle at dei trong inntekter om sommaren dersom handelsmannen skulle kunna halda butikken sin open resten av året. Julihandelen var like viktig som julehandelen.

Litt til alle

Kommunane gjorde som lovgjevarane hadde sagt, og det tok ikkje så veldig mange åra før dei hadde fått orden på sakene. Dei fastbuande fekk verna område som var viktige for dei, hyttebyggjarane – og dei var stort sett svært vanleg folk, ikkje brautande nykapitalistar -–fekk sitt, og «allemennene» hadde rikeleg med utmark der dei kunne driva som dei hadde lyst til.

Men mykje vil ha meir, og allemennene tok over. Ungane deira fekk lovfesta rett til å ta seg fram med fiskestonga kvar dei ville og utan å betala for det, dei sjølve kunne ta seg fram på skogsvegar som bøndene hadde laga, i alle fall så langt dei våga å risikera bilen sin på. Dei som var organiserte, kravde billeg og helst gratis tilgang til fiske i elv og vatn, og berre dei kalla det for «hobby», kunne dei reinska sjøen for fisk som heimefiskarane prøvde å leva av. Det var berre då bygdefolk prøvde å tena nokre kroner ved å leiga ut husrom til utlendingar som gjorde akkurat det same, at det vart bråk og jamring av det.

Det er greitt nok med kamp for allemannsretten mot personleg eigarrett. Men då bør vi vera ærlege nok til å innrømma at dette er ein kamp mellom utanbygdarar. Bygdefolk og kommunar får halda seg borte frå den kampen, dei får nøya seg med å sjå på når sommargjestane kranglar om kven som har størst rett til bygda deira!