ERLEND SPURKELAND

Kvinande motorsager, stønnande vedkløyvarar og vedmaskiner. Vedsesongen på Vestlandet er inne i sin mest intense periode. Aldri har vedfolket vore så talrike i skogen som i vinter. Langs vegane veks vedstablar i tusental som vern mot løpske vinterstraumprisar. Kulturlandskap og utsikt som ikkje har vore sett på årevis kjem fram att når skogen er kutta ned. Kombinasjonen fin vinter og høge straumprisar har lokka uvanleg mange amatørar ut på vedjakt. Og fått salet av motorsager til å overgå alt bransjen har opplevd før.

Tredobling

— Heilt vanvittig, fortel Arvid Otterdal på mobiltelefon. Han reiser Vestlandet opp og ned for Stihl sager. - Salet av våre motorsager er tredobla i forhold til same periode i fjor. Også Husqvarna og Johnsered, dei to andre store sagmerka, rapporterer om tilsvarande tilstandar. Telefonar rundt til forhandlarar i Hordaland bekreftar mellom to og tre gongar høgare salstal enn i fjor. Mens vedsesongen tidlegare vart avslutta når sevja steig i trea, er veddrift no meir vorten heilårsaktivitet. Særleg mange amatørar nyttar påskeferien til vedarbeid, så rekordsalet vil truleg halda seg oppe enno ei god stund.

Verneutstyr

— Ved, ved og atter ved. Har meir enn dobla salet av skogsutstyr, opplyser Gunnar Reigstad ved Reigstad maskinsenter i Lindås. Føyer seg inn inn i rekkja av motorsagselgjande storselgjarar ved å kniva om tittelen mestseljande på Vestlandet. - Alle slags typar folk som handlar sag, men mest førstegongskjøparar og nybyrjarar i år, er hans observasjon. Han fortel at gjennomsnittssaga ligg på kring 3000 kroner. Dei fleste kjøparar er fornuftige og plussar på full vernepakke, slik at totalprisen kjem opp mot 5000 kroner.

Seimstrand AS, også i Nordhordland, har selt meir enn ti tusen sekkar til å ha all den vinterkappa veden i distriktet i.

Fri hogst

Du treng ikkje vera bonde eller rå over store eigedomar for å henta deg ved. Naboar, slekt, vener og endåtil kommunar fallbyr gratis vedteigar. Men motorsag lyt du halda sjølv. Ein vedamatør avanserer raskt frå grønskolling til erfaren skogskar, og endar gjerne lett opp med eit par famnar å møta neste vinter med.

Sagutgiftene er tent inn att første sesongen. Skattefritt. Pluss ein fornuftig og framtidsretta hobby med mykje friluft og fysisk aktivite attåt. - Kjekt å jobba med ved, er omkvedet både hjå nyfrelste og erfarne vedfolk. Og så er det dette at veden varmar tre gongar; når du høgg han, bearbeidar han, og når han endeleg brenn i ovnen.