TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.no — Rutinane for handtering av legemiddel har ikkje vore gode nok ved Eid sjukeheim, fastslår fylkeslege Petter Øgar i Sogn og Fjordane.Føresegnene seier at det skal finnast så få nøklar som råd til rom der medisin blir lagra. Medisinskap og medisinrom skal dessutan ha ulike låsar, og vanlegvis skal berre sjukepleiar eller vernepleiar ha nøkkel til medisinlagra. Ved sjukeheimen på Nordfjordeid hadde i praksis alt pleiepersonell tilgang til nøkkel til medisinskap. Nøkkelen blei nemleg oppbevart i ein konvolutt i medisinrommet. Og alt pleiepersonell hadde nøkkel til dette rommet. Tablettar forsvant Fylkeslegens klare kritikk kjem etter at det i sommar blei oppdaga at narkotiske tablettar hadde forsvunne. Det var tilsette ved sjukeheimen som sjølv oppdaga at 100 tablettar av merket Sobril var vekke.Saka blei meld til politiet, og ein tilsett ved sjukeheimen har vore mistenkt for å ha stole dei narkotiske preparata. Men så langt har politiet ikkje teke ut tiltale.Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har på si side gått gjennom rutinane for handtering av legemiddel ved sjukeheimen. Konklusjonen er at det på fleire område var avvik frå gjeldande føresegner på det tidspunktet tablettane med narkotisk innhald forsvann. Mangelfulle - Rutinane for legemiddelforsyning har ikkje vore i samsvar med legemiddelforskrifta på nokre felt. Dette gjeld for ansvarsdeling, nøkkel- og låserutinar og dessutan kravet om farmasøytisk tilsyn. Kontrollrutinane ved mottak av medisinar frå apotek har vore mangelfulle, og systemet for intern kontroll har ikkje vore tilfredsstillande, konkluderer fylkeslegen. Etter hendinga sist sommar der tablettar forsvant, har leiinga ved Eid sjukeheim gått gjennom rutinane, og sett i verk tiltak. Sjukeheimen er no i ferd med å utarbeide nye rutinar. Likevel meiner fylkeslegekontoret at det også er punkt i det nye regelverket ved helseintitusjonen som bør endrast.