Konsekvensen av styrevedtaket er at meierianlegga i Bygstad, Førde, Eid og Syvde på Sunnmøre blir lagt ned.

Utvidinga av konsummjølkanlegget på Byrkjelo er kostnadsrekna til 170 millionar. Osteproduksjonen vil kunne gje bortimot 30 nye ar-beidsplassar i kommunen.

I første fase skal Byrkjelo-anlegget overta kvitostproduksjo-nen. Seinare skal også all brunost-produksjon flyttast dit.