Algene utgjer plantelivet i havet. 99 prosent av algene er berre ei einaste celle, og er då usynlege utan sterke mikroskop. Normal storleik på ein alge er 1/100 millimeter. Alger som er synlege, er tang og tare. I havet er algene næringsgrunnlaget for dyreplankton, som i sin tur vert etne av småfisk, som så hamnar på menyen til dei større fiskane, dei som vi til slutt får på middagsbordet. Av dette kan vi slutta at dersom produksjonen av alger skulle gå attende, vil det gå same vegen med alt høgare liv som lever i havet eller av havet.Normalt vil det vera ei slags jamvekt i havet mellom ulike slag alger, slik at ingen får "overtaket". Når det likevel skjer frå tid til annan, er ei av dei viktigaste årsakene dei store utsleppa av næringssalt frå landa rundt Nordsjøen. Dette kan forskuva den naturlege likevekta mellom næringsstoffa, og det aukar sjansen for at bestemte algetypar kan oppleva ei kjempebløming.Havforskarane er samde om at det truleg var årsaka til algekatastrofen våren 1988, då chrysochromulina polylepis spreidde redsle og daude frå Kattegat og til Bergen. Kjelde: Havforskingsinstituttet.