Eg har oppfatta det slik at det er vedtak for — på sikt - å avvikla aldersheimane som omsorgstilbod.

På eit skrivebord eller i ein politisk hestehandel kan nok dette virka greitt, men i praksis - tvilsomt.

Alternativet til aldersheim skal visst vera servicebustad eller sjukeheim.

Servicebustadene har ikkje fast tilsyn/vaktordning, så den einaste standardhevinga dei gir - samanlikna med eigen bustad - er at dei er tilrettelagde for rullestol og andre hjelpemidlar.

Når me så les i det same budsjettet at heimetenesta også skal reduserast, då heng ikkje dette «på greip».

Sjukeheim skal vera det andre alternativet, men kor realistisk er det?

Mange har nok følt at det må vera lettare å få «kamelen gjennom nålauga» enn å få plass på sjukeheim. I praksis skal ein vera svært hjelpetrengande før ein får sjukeheimsplass.

Bergenhus bydel har visst overkapasitet på aldersheimsplassar, så bebuarane på dei nedleggingstrua heimane kan overførast til andre aldersheimar.

Ja, til neste budsjettrunde - då skal vel fleire heimar «fasast ut».

Ville me som er midt i livet finna oss i at me frå dag til dag ikkje visste kor me skulle bu eller arbeida ??

Det viktigaste for alle er å føla tryggleik

Politikarane si viktigaste oppgåve må difor vera å sjå til at det er tilbod på ulike omsorgsnivå når dei som har lagt arbeidsdagen bak seg treng ei hjelpande hand.

Eg trur ikkje at det er aldersheimane som raserer kommuneøkonomien i Bergen, men eg trur at mange eldre får redusert livskvalitet når dei kvart år skal vera brikker i budsjettspelet.

ANNA K: VALLE LINDÅS