Redselsbileta frå Midtausten, Afghanistan, Irak, Kongo og diverre altfor mange andre stader har vist oss kva terror er. Drap og lemlesting av uskuldige, det er terror. Å spreia frykt og redsel, det er terror. Ikkje å undra seg over at dei som reiser til slike krigsherja stader, får grundig informasjon om mogelege trugslar. Heller ikkje er det å unngå at kampen mot terror kan føra til demonisering av heile nasjonen og folket som bur der og religionen dei høyrer til. Ungjenta bak deg på bussen kan vera ein omsynslaus mordarar.

No meiner ikkje Norsk Hydro at dette også gjeld folk i Høyanger og Årdal. Så kunne også den sjølvhøgtidelege rapporten som BT (takk til avisa for det) offentleggjer, berre ha vore til å le av, eller gapskratta av. (sogningar manglar evna til raffinerte og småhumrande reaksjonar på dumskap, dei gapskrattar). Men så enkelt er det ikkje. For når Norsk Hydro får utarbeidd slike rapportar fordi nokre sjefar skal innom sognebygdene, ja, så oppnår dei å skapa eit inntrykk av at folka på dei to industristadene er truande til kva det skal vera. Bygdefolket og deira eigne tilsette vert, om ikkje demoniserte, så i alle høve framstilte som usiviliserte bråkmakarar. Truande til å bli sinte når nokon tek levebrødet frå dei, skulle du ha høyrt det verre? Ikkje akkurat al Qaida, men farlege nok likevel. Fortener slike folk anna enn å bli fråtekne arbeidsplassane sine? Lista over mogelege trugslar er elles imponerande og vert avslutta med følgjande skrekkbilete: Negativ omtale i pressa. Nei, korleis kunne dei koma på slike tankar, dei som ikkje har gjort noko anna enn å fella dødsdomen over to gamle industrisamfunn?

SVERRE BUNGUM, KLOKKARVIK