Av Magnhild Meltveit Kleppa, Rune J. Skjælaaen og Jorunn Ringstad Senterpartiets stortingsrepresentantar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane

Det er helseministeren som har det politiske ansvaret og vi som er stortingspolitikarar vert bedne om å halda oss langt borte frå dei prioriteringane helseforetaka gjer. Vi har ikkje eingong innsynsrett i det helseforetaka steller med. Leiinga i helseforetaka kan heller ikkje venda seg til oss som er folkevalde. Det er slik Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Høgre ville ha det då helseforetaka vart oppretta. Meiner desse tre partia det same no?

Vi veit at innbyggjarane ikkje vil ha det slik. Tre lokalsjukehus vert truleg nedlagde her i Helse Vest; Lærdal, Florø og Odda. I tillegg vert akuttfunksjonen i kirurgi lagt ned ved sjukehusa på Voss og Stord. Det inneber at desse to sjukehusa sakte, men sikkert vert bygd ned. Ikkje eingong ein blindtarmoperasjon eller lårhalsbrot vil etter dette kunne utførast ved sjukehuset på Voss eller Stord. Pasientar må transporterast frå Voss til Bergen. Skal ikkje innbyggjarane på Voss ha same tryggleik som folk i Stavanger eller Førde?

Fødeavdelingane i Nordfjord, Lærdal, Voss og Stord vert gjort om til fødestuer. Tener dette fødande kvinner i distrikta? Skal ikkje dei ha same tryggleik som fødande i byane?

Senterpartiet åtvara mot denne utviklinga då kampen om å gjera sjukehusa om til statlege foretak stod på i Stortinget. Men det var som å snakka til døve øyre. Vi var klaga for å driva med skremselspropaganda og svartmåling. I forkant var vi rundt på sjukehusa og snakka med leiinga og tilsette. Den frykt dei gav uttrykk for om framtida for sjukehusa vert no sanning.

Sjukehustilbodet i distrikta vert sterkt redusert og nedbygginga fører til dårlegare tilbod for folk.

Dette er ikkje i tråd med den politiske målsettinga til Senterpartiet om at alle har krav på likeverdige helsetenester. Kravet om å effektivisera for 1,5 mrd kroner neste år, inneber at marknadsøkonomane i helseforetaka gjennomfører ei sentralisering av sjukehusa som ikkje har sitt sidestykke i Helse-Noreg. Senterpartiet har kravd at foretaka skal vera opne slik at både pressa, politikarar og folk flest veit kva planar som ligg føre, men stortingsfleirtalet vil ikkje.

Vi meiner større økonomiske rammer er nødvendig for å ha eit desentralisert helsevesen. Det var eit felles mål for fylkespolitikarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane då dei hadde ansvaret å gje gode sjukehustilbod også i distrikta. Det kosta mykje. Men valet vart gjort.

Aksjonar vann fram då sjukehusa var trua sjølv om den fylkeskommunale økonomien var skral. No er det marknadsøkonomar som styrer. Då vert ikkje folks oppleving av tryggleik tatt på alvor gjennom eit desentralisert sjukehusvesen.

Vi vil oppmoda folk til å protestera mot helseministeren og det stortingsfleirtalet som han stør seg på.