PER MARIFJÆREN

På førehand har Kari Beheim Karlsen, Arve si mor, sagt at dette er det aller viktigaste punktet for henne å få visse i.

Hoel forklarte dette slik:

— Etterforskinga viste at det ikkje var grunnlag for drapstilstale. Men dette betyr ikkje at Arves tragiske død ikkje vil bli tema i denne rettssaken.

Men bevisføringa vil dreie seg om valden og trakasseringa Arve vart utsett for i forkant av drukninga, og ikkje kva som skjedde dei avgjerande sekunda då dei to tiltalte hadde jaga Arve inn under brua og var aleine med han der.

— Men alt som skjedde med Arve, blir tema i prosedyren neste veke, sa statsadvokat Hoel.