Det vert særleg nytta når nokon vil ha kloa i dei verdiar som me som folk og nasjon har bygt opp i fellesskap, og det er eit vidt omgrep som vert nytta som argument for den såkalla privatiseringa.

Men det vart òg nytta då storting og regjering arbeidde for å fjerne dei demokratiske fylkesorgana frå styring av sjukehus og regional helseomsorg. Staten vart gjort til eigar, og oppnemnde styre på «krigskommissarisk» vis. Og desse styra arbeider svært så lojalt i høve til «utøvande eigar». Ja, styreleiarane seier rett ut at dei er forplikta på dei direktiv som dei får frå eigarane, i denne samanheng: regjeringa. Og me har alt sett kva resultatet blir: Ei nedbygging av helseomsorga og sentralisering av helsetenestene, dvs. lengre og lengre transport av sjuke menneske.

På ei anna side arbeider kapitalinteresser og mange av våre folkevalde på å privatisere verksemder og tiltak som i utgangspunktet var folket si eige, dvs. staten representerte oss som eigarar, anten det no galdt tenester eller verdiskapande produksjon . Men vår felles eigarskap var for passiv, og kunne berre aktiviserast ved å føre store delar av eiga over på private hender. Dette galdt og gjeld m.a. Statoil og dagsaktuelle Norsk Hydro som no er i ferd med å trekkje ut dei verdiar som er oppbygd i Høyanger og Årdal og som var i folket si eige. Det er ikkje nok med eit utbyte på vel 20 prosent.

Her tek styret ei avgjerd som går heilt på tvers av folket, staten, sine interesser. Her er ikkje snakk om å fylgje folkeviljen som staten skulle fremje. Her kjenner ikkje dei underliggjande organ seg forplikta på direktiv frå staten eller Næringsdepartementet, enn seie Stortinget. Eller har desse øvste organ i landet ein underliggjande agenda? Kvifor går eigaren «på gummisolar» i dette tilfellet, og kvifor kan han ikkje på nokon måte instruere styret? Kvifor kan ikkje eigarskapen brukast aktivt her på same vis som på sjukehussektoren og andre område der oppbygde gode og verdiar vert brotne ned?

Rett nok har staten berre 44 prosent av eigardelane i Norsk Hydro, men folketrygdfondet (som òg er folket sin eigedom) eig også såpass mykje at folket, samla sett, sit med 50 prosent av denne verksemda som no er i ferd med å forlate det folket som bygde opp verdiane.

Kva skal ein kalle slikt? Kan våre offentlege styringsorgan berre vere aktive når verdiar skal takast frå oss? Skal ikkje Storting og regjering styre på vegner av folket?

Bjarne Dåe