Saka har vore oppe i Forliksrådet to gonger, og no går eg spent og ventar på svar. Eg har bede Forliksrådet om dom, og dømmer dei meg til å betala, gjer eg det ikkje likevel.

Ditt Distrikt vart oppretta som eigen telefonkatalog på bokmål eit par år etter at vår vanlege telefonkatalog for Hordaland kom på nynorsk. Nokre syntest dette var stor stas, slik som sume foreldre til skuleborn i Hordvik no vil ha bokmålsundervisning, sidan foreldra ikkje skjønar språket i det distriktet (landet) dei har flytta til. Dei påstår dei ikkje kan hjelpa borna sine med leksene som er skrivne på dette uskjønelege målet.

Vel dette vart vel eit sidesprang (på sidemål), men tilbake til Ditt Distrikt. For dei få eg har snakka med om saka, har dei tilsvarande historier:

Ivrige seljarar av annonsar eller ekstraoppføringar ringjer. Firmaet dei har ringt til seier klart nei takk, likevel kjem det skriftleg forslag til avtale i posten eller på faks eit par dagar etterpå. Ein byggmeistar eg kjenner seier:

«Rekneskapsføraren min seier at du må passa på ikkje å skriva under på noko.» Det går fint. Hans firma står oppført i Ditt Distrikt, og han får ikkje rekningar.

For mitt vedkomande stod mitt firma på dei gule sidene i Ditt distrikt før, og det kosta ikkje noko, men etter at dei tilbaud seg å setja det opp med «fet skrift», sende dei altså rekning, ei rekning som no har meir enn dobla seg etter at dei sette inkassobyrå på saka.

Forliksrådet seier belærande at det er «fet skrift» som kostar (flesk). Dette sa ikkje Ditt distrikt noko om, og eg sa frå skriftleg mindre enn ni dagar frå den påståtte avtalen om at eg ikkje skulle ha oppføring som kostar noko. Først ca tre veker etterpå ringde dei frå Ditt distrikt og sa at dei ikkje kunne trekkja tilbake noko fordi katalogen var gått til prenting.

Seljarar som desse i Ditt distrikt er skikkelege samfunnsplagarar. Dei er så overaktive og påhengjande at dei brukar verdfull arbeidstid frå dei dei ringjer til. Dei tek ikkje eit nei for eit nei, men er frekke nok til å koma med lange utgreiingar om kor fordelaktig det er å vera med.

Du får sterke åtvaringar om å stå utanom, og kundar er du avhengig av, ikkje sant. Fri og bevare meg for desse seljarane og dei som hissar dei opp. Som menneske er dei sikkert gode nok, men dei burde vore sett i gagns arbeid, og ikkje berre plaga folk.

Dersom Forliksrådet skulle dømma meg til å betala, treng eg sannsynleg støtte frå andre medlemmar i ADB. Ikkje ring eller skriv hertil.

Det kunne gå for mykje tid med alle som har same problemet, men, for din eigen del; bruk dei midla du har:

Ikkje betal for noko du ikkje har bede om.

Beste helsing

Bjarne Møster