Kronikken startar som eit reisebrev med bilete frå dagleglivet i Harare, der professoren undrar seg på kva folk i gata tenkjer om denne kvite mannen på sykkel? Kva ler dei av? At han slit, medan kvinna på bagasjebrettet får turen gratis? Er han ein avvikar utan bil, kvit og fattig ?

Som kjent er det alltid noko å undra seg over og læra for den som har augo og øyra opne for nye landskap, menneske og idear. Møter med det ukjente kan gi impulsar som bryt ned stereotypiar og skapa spørsmål som kan gi ny kunnskap om det framande.

Undervegs på sykkelturen gjennom Harare skjøner eg at kronikken ikkje handlar om Zimbabwe eller afrikanarar i det heile teke, dei opptrer berre som bakgrunnsfigurar, statistar brukt for å spissformulere eigne frustrasjonar over dårskapen i NORAD, og forskingsrådet som vil ha forsking om pluralistisk etnisitet, sosial konstruksjon og dekonstruksjon av kjønn. Faktoranes orden er ikkje likegyldig i alle reknestykke så vidt eg hugsar frå matematikken, men om eg les professor Flåm rett, meiner han at utviklingsforsking forkludrar reknestykker der kropp og kjønn vert brukt som analytiske kategoriar og summen vert i høgda «frityrsteikt luft».

Eg går ut ifrå at professor Flåm ynskjer å dele meir enn sine private frustrasjonar over utforming av prosjektsøknader til Noregs forskingsråd med BT sine lesarar, og vel å lese innlegget som invitt til debatt om korleis fremme kunnskap som er noko å bite i, ikkje servere steinar for brød, for å bruke ein kjent metaforar.

Det er mange faglege utfordringar å gripe tak i for utviklingsforskinga, eg vil hevde at eitt av desse er å utvikle betre forståing for korleis og i kva retning relasjonar mellom gutar og jenter, menn og kvinner endrar seg innan ulike sektorar i samfunnslivet.

FN sette desse utfordringane på dagsorden under parola å inkludere kvinner i «utviklinga». I løpet av tre store konferansar i 1975, 1985 og 1995, utvikla ein semje om strategiar for internasjonale og private organisasjonar som skulle ta betre omsyn til menn og kvinners ulike posisjonar, trong og ressursar når ein la planar for utviklingsprogram og vurderte resultata, om ein nådde måla ein satte seg eller ikkje.

Mykje av det empiriske arbeidet som gjekk føre desse konferansane vart utvikla i fora der det problematiske spennet mellom kva som er til forskjell frå kva som bør vere vart diskutert. Her har både akademia og eit utal interesseorganisasjonar spelt viktige, men ulike roller. I Bergen har Universitetet og Chr. Michelsens institutt i ei årrekke hatt samarbeid med forskarar ved mange institusjonar i den tredje verda. Dette gir høve til fagleg utvikling og samarbeid; noko som vel var eitt av motiva for professor Flåm si reise. Masterstudiet i Kjønn og utvikling er som kjent nett starta, men vil også dra nytte av dette nettverket.

Eg har også hatt gleda av å undervise gløgge studentar (afrikanske og norske). Hausten og vinteren 2001 var eg ansvarleg for ei forelesingsrekke med tittelen «Gender matters» (Kjønn gjer forskjell). Vi diskuterte m.a. kva forskjell kjønn gjer for tilgang til materielle gode. Eit lærestykke var dekonstruksjon av modellar for analyse av byte og fordeling av goder innan familien. Den neoliberale økonomien har operert utifrå at gode som vert målretta mot overhovudet i hushaldet automatisk vert refordelt på måtar som kjem alle hushaldsmedlemane til gode. Økonomar som Amartya Sen og Neila Kabeer har brukt kjønna perspektiv utvikla m.a. av antropologar, som teoretisk fruktbar korrigering av denne modellen.

Etter mi erfaring som forskar innan dette feltet dei siste ti åra, er ein praksis som gjer bruk av innsikt frå fleire fag viktig for å formulere dei gode spørsmåla. Usemje om kva dei gode spørsmåla er må sjølvsagt stendig drøftast. Det er ei forutsetning for fagleg og metodiske utvikling både av akademisk forsking og undervising på feltet.

Eg deler med andre ord ikkje professor Flåms otte for at afrikanske (eller norske) studentar skal verte villeia av teoretisk feminisme og stille feil spørsmål. Eg er meir redd for den lammande semja om kva som er den eine rette framgangsmåten for å finne svara.

Karin Ask forskar v/Chr. Michelsens institutt