Det er Den Norske Advokatforening som har teke initiativet og har innført eit nytt konfliktløysingsinstitutt her i landet: Advokatmekling.

Ordninga går ut på ein advokat meklar mellom partane og søkjer ei minneleg løysing på konflikten.

Mekling er mykje brukt i ein del andre land, men ganske nytt og lite kjend her heime. Likevel har over 200 norske advokatar alt kvalifisert seg til meklarrolla, fortel Wenche Siewers i Advokatforeninga til Bergens Tidende.

Dyrt med rettssak

— Sjølv vi som driv i bransjen er overgitt over kor dyrt det er blitt å føra rettssaker, seier advokat Mette Cecilie Greve til BT. - No er det i tillegg innført moms på advokattenester. Det blir omtrent som når tannlegane tilrår fluor og dermed får mindre arbeid å tena pengar på, seier Greve.

Ho er likevel mest oppteken av at ein dom slett ikkje treng verta den optimale løysinga på ein konflikt. Retten er bunden av lovgjevinga og strenge rettsreglar.

— Ta for eksempel ei barnefordelingssak som kjem til avgjerd i lagmannsretten. Den har som regel vandra i rettssystemet i minst to år, har kosta partane ei formue, og så må dommaren ta ei avgjerd som ikkje er den mest smidige, seier advokat Greve.

Nabokrangel er eit anna døme. Krev naboen at eit tre må fellast, må retten anten seia ja eller nei. Ein meklar kan sjå seg om etter andre løysingar.

— Poenget er å finna løysingar som begge partar aksepterer, i staden for at dei får tredd ein dom nedover hovudet. Partane skal gjerne vera naboar i lang tid framover, og ein dom kan forgifta naboskapen, seier Greve.

Tilsvarande gjeld ikkje minst fråskilde ektefelle som kranglar om omsorgsrett og gløymer at der også er ein plikt. Skifte kan forgifta slekta i generasjonar.

Mekling er hemmeleg

Største brukarane av advokatmekling blir likevel forretningsfolk. Det viser all røynsle frå utlandet.

— For det første er meklinga hemmeleg, medan ein dom i tingretten er offentleg og hamnar gjerne i avisene. For det andre veit forretningsdrivande at ei rettssak fører til at kunden er tapt for alltid. For det tredje er mekling langt billegare.

— Kor mykje billegare?

— Tommelfingerregelen er at sakskostnadene for kvar part kjem på 30.000-35.000 kroner for kvar dag sjølve rettssaka varer. Ei sak som har vore i tingretten og krev to dagar i lagmannsretten rundar ofte 100.000 kroner. For advokatmekling kan det gjerast avtale ut frå timepris, og til dømes setjast tak på 20.000 kroner. Finn ein ikkje løysing innan den tid, avsluttar ein meklinga.

— Kva skjer så?

— Då må partane finna ut om dei vil leva med uløyst konflikt, eller gå til rettssak. Mekling står ikkje i vegen for å prøva saka rettsleg, presiserer Greve.

Ein meklingsadvokat kan rådføra seg med sakkunnige på det området tvisten gjeld, eller andre advokatar med spesialkompetanse. Mette Cecilie Greve har ikkje mindre enn 12 kollegaer å ty til i Kluge Advokatfirma, der ho no arbeider.

— Blir advokatmekling eit billeg-eldorado for kverulantar?

— Nei, dei mest ubøyelege må framleis betala dyrt for prinsippa sine. Mekling høver best for folk som er innstilt på kompromiss og minnelege løysingar.

Ein tredje advokat

Mette Cecilie Greve meiner det er aller best om partane går direkte til advokatmekling. Går partane først til kvar sin advokat, har konflikten ein lei tendens til å forsterka seg. Men mange saker vil koma til mekling ved at partane sine advokatar gjer framlegg om mekling hjå ein tredje advokat. Det stadfester advokat Gunnar Svartveit på Voss, ein av dei andre i fylket som er godkjend som advokatmeklar.

Han er spent på om ein får til den mentalitetsendinga som trengst i advokatstanden for at meklingsordninga vert tilrådd framfor rettssak.

fakta/advokatmekling

  • Ved meklinga får partane hjelp av ein upartisk meklar til å finna løysingar raskare, billegare og smidigare enn ved rettssak.
  • I motsetning til ordninga med forliksråd, som er den lågaste rettsinstansen og finst i alle kommunar, er advokatmekling ikkje ei offentleg ordning og dermed ikkje lovregulert. Den Norske Advokatforening har sett opp retningsliner og ei godkjenningsordning. Der får du liste over godkjende meklarar, men i prinsippet kan kven som helst mekla.
  • Til samanlikning vil både rettssak og valdgift resultera i dom. Ein valdgiftsdom er bindande og kan ikkje ankast.
  • Partane kan stilla med juridisk hjelp. Dei kan trekkja seg undervegs.

*Meklaren kan gje si vurdering av utfallet av ei eventuell rettssak, men berre dersom begge partane vil.

ADVOKATMEKLAR: – Advokatmekling står ikkje i vegen for å prøva ei sak rettsleg etterpå, seier Mette Cecilie Greve som sluttar som lagdommar for å bli advokat og meklar.
FOTO: KNUT STRAND