• Dersom sukker var blitt oppfunne i dag, ville det blitt forbudt på linje med narkotika, trur Britt Untiedt Bjørgan.

Ho driv Vital Naturterapi på Nesttun, og er utdanna både innan førebyggande helsearbeid og alternativ medisin. Untiedt Bjørgan har førti år bak seg i helsevesenet, og er dessutan medlem av Aarbakka-utvalet, som har skrive ei ny utgreiing om alternativ medisin i Norge.

— Genetisk sett er ikkje sukker og mjølk naturleg for oss. I dag er trenden dessutan at vi kjøper meir og meir ferdigmat istadenfor råvarer, og dette heng saman med kraftig allergi blant stadig fleire, hevdar ho.

- Unge i kjemisk ubalanse

For 14 år sidan etablerte ho Vital Naturterapi, som meir og meir er blitt eit spesialinstitutt for folk med allergiar:

— Di meir sminka maten er, og di meir manipulert den er, dess verre blir det. Det er tross alt maten vi lever av!

På Nesttun blir avanserte testmetodar kombinerte med tradisjonelle, naturmedisinske terapiar. Allergiar, AD/HD, diabetes, mentale lidingar – Untiedt Bjørgan tek imot alle slags pasientar på kontoret sitt.

Særleg snakkar ho engasjert om ungdom som er i ubalanse, fordi dei et feil mat:

— Vi klandrar og straffar desse unge, istadenfor å hjelpa dei med å koma ut av den vonde sirkelen.

Det opprører meg at samfunnet stemplar det som åtferds- eller psykiske problem, mens dei eigentleg er i enorm hormonell og kjemisk ubalanse.

1,5 millionar med allergi

Untiedt Bjørgan meiner mjølk, sukker, kveitemjøl, e-stoff, ferdigmat, matsminke og mikrobølgeomnar må ta mykje av skulda for at 1,5 millionar nordmenn har utvikla allergiar.

— Men folk er utruleg motiverte for å ta eit tak, sjølv om det å endret livsstil er ein vanskeleg modell å velja. Vi har gledd oss over å sjå kor motiverte folk er, og over å møta foreldre som har stått på for ungane sine.