Dette er mildt sagt skammeleg. De sit på Tinget, valde av folket og skal forvalte felles eigedom og fordele den samla verdiskaping i landet. Men kva gjer de?

Jau, de stryper den kommunale drifta så sterkt, at ordførarar, formannskap og lokalt folkevalde kjenner seg pressa som lus mellom negler og fungerer som økonomiske lakeiar. De gjer oss alle til husmenn, endå dei største verdiane i dette landet vert skapt ute i distrikta ved fjordane og mellom desse fjella som de lovprisar så vakkert kvar 17. mai.

Me opplever dykk ikkje lenger som våre representantar. Når de vel er valde, komen til tings, syter de godt for dykk sjølve; Men skjer ned på alt som kan kome eit samla folk og land til gode. De vender odd og egg mot dykkar eigne, dei som valde dykk i von om at de skulle representere oss. Ja, så i detalj stryper de oss at de no, visstnok i fullt alvor, tenkjer på reglar om kor ofte me skal få gå på toalettet og kor mange bleieskift me skal få.

Det hjelper lite at de legg ut åter, som dei nye regionkontora i vegsektoren. Folk i distriktet veit kva ei åte inneber. Likevel har de greidd å presse dei lokalt styrande så sterkt, at dei næraste dansar kring åta, medan dei som «tapte», gret og snakkar så stygt dei torer om dykk.

Dette er sjølvsagt mi meining, og den har eg enno lov til å gje uttrykk for, om eg kjem til då. Det kan hende de set dykk attende i stolen og ler av denne einslege svala, som de trur eg er. Men etter mange år som kommunal fagleg leiar, veit eg kva eg snakkar om, og eg er ikkje åleine. Me er så mange at om me tok ut på ei pilegrimsferd mot Stortinget og regjeringa, så ville det svartne av folk frå Krokkleiva og nedetter mot Bjørvika.

Det har ulma i opprør mange stader i landet, og glørne er slett ikkje slokna. Slike pust til elden, som dette med bøter attpå all utpininga, det kan få begeret til å flyte over. Det er som å trekkje blankt mot folket.

Det er på tide at de spør dykk sjølve og kvarandre kvar rota til vanstyret ligg. Og så lyt de grunne litt på kven de er sett til å tene.

Av Bjarne Dåe tidlegare skulesjef