Av Magnus Sigurdson,

gubben mot straumprisane!

Eg fekk nyleg faktura på mitt straumforbruk siste 12 månader. Fakturaen var delt opp i 30 prisperiodar, den kortaste på 6 dagar, den lengste på 20 dagar. Kilowattprisen varierte mellom 33,4 øre til 98,9 øre. Kan det gjerast meir komplisert?

Då det kom forslag om ein pris for dei første 25.000 kWh og sidan auka prisen for kvar 5000 kWh, meinte Stensnæs at det var vanskeleg å gjennomføra. Er fakturaen eg har fått enkel og grei å forstå?

Det er på tide at straumkundane slår seg saman for å få innført eit nytt system for straumsal. Tenk om ca. ein million kundar danna ein «klubb», det kunne vel verta litt av ei pressgruppe. Kan nokon setja det i gang utan å «sko» seg på det? Formål: Slutt på spekulativ tapping av våre vassmagasin, eins pris for heile landet, grunnpris for dei første 25.000 kWh med auke for kvar 5000 kWh, for eksempel.

Det må nok ein revolusjon til for å få dette til, så vona er liten. Dessutan er det fleire store hefte ved desse forslaga:

1. Dei er fornuftige

2. Mange leverandørar vil tapa pengar

3.Forbrukarane vil tena på dei, derfor kan ingen politikar, iallfall i denne regjeringa, støtta dei.

Men, som onkel til statsministeren sa: Det er von i hangande snøre!